Følgekort

Følgekort

Dersom du har nedsett funksjonsevne og har behov for følge på ulike arrangement, kollektivreiser og/eller fritidsaktivitetar kan du få følgekort (ledsagerbevis).

Kva er følgekort?

Følgekort er eit tilbod til mennesker med nedsett funksjonsevne, som treng å ha med følge på kultur- og fritidsarrangement.

Kven kan søke om følgekort?

Følgekort skal gje mennesker med nedsett funksjonsevne høve til å ha med følge for å kunne delta på arrangement. Den funksjonshemma sitt følgje skal kunne få fri eller rabattert adgang til kultur- og fritidsaktivitetar, i tillegg til visse transportmiddel.

Kva kostar tenesta?

Tilbodet er gratis.

Korleis kan ein søke om følgekort?

Klikk her for å komme til søknadsskjema.

For å få følgjekort må ein sende ein grunngjeven søknad saman med eit bilete, til Volda kommune ved servicekontoret, Stormyra 2, 6100 Volda.

Det er ingen søknadsfrist og søknadane vert handsama fortløpande.

Ein kan berre få eitt følgekort per søkar.

Den som søker om følgekort kan ikkje krevje at kommunen gir ut meir enn eitt eksemplar av kortet. Dette gjeld også born med delt bustad, personar som regelmessig er i avlastningsbustad og liknande. Den som har behov for ledsagar er eigar av kortet, ikkje følgjet.

Ta kontakt med postmottak@volda.kommune.no for å få tilsendt søknadsskjema.

Bufdir sine veiledande nasjonale retningsliner for funksjonshemma

 

Kontakt

Bente Kristin Krøvel
konsulent
E-post
Telefon 70 05 88 87