Fysioterapi og ergoterapi

Fysioterapi og ergoterapi

Fysioterapi

Fysioterapeutar arbeider med menneske som treng behandling, opptrening og rehabilitering på grunn av skader, sjukdom og funksjonshemming, samt med førebyggjande og helsefremjande arbeid.

I fysioterapi er kunnskap om kropp og bevegelse hjå friske og sjuke menneske sentralt. Målet med fysioterapi er å betre funksjon og livskvalitet hjå den einskilde.

Fysioterapitenesta i Volda kommune består av kommunale og privatpraktiserande fysioterapeutar.

Kven kan få tenesta?

Alle som har behov for behandling, opptrening og rehabilitering.

Kva kostar tenesta?

Informasjon om pris for tenesta finn du her: betaling for fysioterapeut (helsenorge.no).

På helsenorge.no finn du informasjon om tak på eigenandel og om frikort.

Korleis får du tenesta?

For behandling, kan du ta direkte kontakt med den enkelte fysioterapeut. Du kan også vende deg til fagansvarleg fysioterapeut dersom du lurer på noko som gjeld fysioterapitilbodet i kommunen. 

https://helfo.no/

Kommunale fysioterapeutar

Adresse: Barstadmarka 2, 6102 Volda (Volda omsorgssenter): 

  • Randi Heltne Alfsvåg - Fagleiar - spesialfysioterapeut, tlf. 91 62 39 05
  • Guri Rogne Nyrø - spesialfysioterapeut barn og unge, tlf. 95 74 08 44 
  • Vanja Eikrem - fysioterapeut, tlf. 90 64 81 62
  • Marlene Firing Kroman - spesialfysioterapeut. tlf. 94 17 44 14
  • Elizabeth Wolsdal Eskeland, fysioterapeut 20 % stilling (jobbar onsdagar), tlf. 70 05 40 59

 

Adresse Grøddesvegen, 6763 Hornindal (Hornindal helsesenter):

 

Privatpraktiserande fysioterapeutar med driftsavtale:

Aarflot fysioterapi AS, tlf. 70 07 63 20

Adresse: Industrigata 12, 6100 Volda

  • Silje Heltne, fysioterapeut
  • Karen Aarflot, fysioterapeut/manuell terapi
  • Arne Heggen, fysioterapeut
  • Line Karlsen Nedrelid, spesialist psykomotorisk fysioterapi

 

Brautaset fysioterapi

Adresse: Hamnegata 14, 6100 Volda

Pål Kristian Brautaset, tlf. 46 12 33 73

Hornindal

Dagar: Måndag, onsdag og torsdag

Adresse: Hornindal helsesenter, Grøddesvegen, 6763 Hornindal

Synnøve Ringset Fuglehaug - spesialfysioterapeut 97 14 35 80

Ergoterapi

Ergoterapeuten arbeider med menneske som har, eller står i fare for å få problem med å meistre aktivitetar som er ei sjølvfølge i kvardagen.

Når dei daglege aktivitetane ikkje lenger er ei sjølvfølge, kan ergoterapeuten bidra med:

  • Kartlegging av situasjonen
  • Trening, rehabilitering og habilitering av daglege aktivitetar
  • Tilpassing av aktivitet
  • Kompensasjon for tapt funksjon og tilpassing av miljø og bustad
  • Rettleing, informasjon og undervisning
  • Førebyggjande tiltak

Ergoterapeuten kan gi tilbod til:

  • Heile befolkninga
  • Grupper med risiko for helseplager
  • Menneske med ulike sjukdomar eller skader
  • Menneske med funksjonshemming
  • Ergoterapi er ei lovpålagt teneste på lik linje med mellom anna fysioterapi

 

 Inger Anne Brevik - spesialergoterapeut

99 09 18 51

@

inger.anne.brevik

 

 Oddhild Bjåstad - ergoterapeut

47 50 67 05 

@

oddhild.bjastad

 

 Heidi Ørstavik, ergoterapeut

90 55 83 46

@

heidi.orstavik

Kontakt

Inger Anne Brevik
ergoterapeut
E-post
Telefon 70 05 40 56
Mobil 99 09 18 51
Oddhild Bjåstad
ergoterapeut
E-post
Telefon 70 05 40 56
Mobil 47 50 67 05
Heidi Ørstavik
ergoterapeut
E-post
Mobil 90 55 83 46