Velferdsteknologi

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologi som skal bidra til tryggleik og meistring i kvardagen. Dei fleste av oss nytter ulik teknologi som støtte i dagleglivet, til dømes smarttelefonar, appar og robotklipparar. På same måte tek ein i bruk teknologi i den offentlege helsetenesta i stadig større grad, og denne teknologien har fått namnet velferdsteknologi. 

Volda kommune tilbyr velferdsteknologi til støtte og tryggleik for brukarar slik at dei skal meistre kvardagen sin best mogleg. Kommunen nytter også velferdsteknologi som arbeidsreiskap for dei tilsette slik at vi kan gje gode og tilpassa tenester.


Les meir om kvar teknologi lenger ned i saka. Der finn du informasjon om korleis du søker.  

Karianne er klar til å ta imot besøkande på visningsromet ved Volda omsorgssenter


Ved spørsmål eller behov for råd om velferdsteknologi, ta kontakt med

Forvaltningskontoret: 90 41 18 86

eller 

Koordinator for velferdsteknologi: 

Karianne Sveen Orvik på telefon 92299232 eller e-post karianne.orvik@volda.kommune.no

Vi har eit visningsrom på Volda omsorgssenter der ein kome og sjå det vi har av velferdsteknologi.

Tryggleiksalarm
GPS
Digitale tilsyn
Medisineringsstøtte
Digital kommunikasjon
Komfyrvakt
Elektronisk klokke og kalender
Digital heimeoppfølging


 

Kontakt

Karianne Sveen Orvik
koordinator velferdsteknologi
E-post
Mobil 92 29 92 32