Seksjon Familie -og ungdomsstøtte (FUS)
FUS-teamet arbeider etter ein samhandlingsmodell (Betre Tverrfagleg Innsats , BTI), som legg vekt på å gi barn, unge og familiar rett hjelp, på rett stad til rett tid.
Kva kan du få hjelp til?
Teamet gir både lågterskeltilbod og meir heilskapleg oppfølging basert på behov. Nokre gonger kan kortvarige støttesamtalar vere tilstrekkeleg, medan andre gonger er det naudsynt med eit tverrfagleg og heilskapleg tilbod over tid. Ved behov kan vi legge til rette for kontakt med andre tenester i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Teamet har ei felles forståing av at behandling retta mot barn og unge har eit kontekstuelt perspektiv og vil ofte involvere foreldre, familie og systembaserte tiltak.
Kven kan få hjelp?
Familiar i Volda med barn og unge mellom 0 og 19 år, og gravide med behov for samtalar, råd og rettleiing, og/eller koordinering av eit heilskapleg tilbod.
Kven er teamet?
Teamet består av familieterapeut, kommunepsykolog, foreldre- og ungdomsrettleiar, samt helsesjukepleiarar med kompetanse innan kognitiv åtferdsterapi og psykisk helsearbeid for barn og unge. Vi tilbyr samtalar og arbeider med barn, unge og familiar som har utfordringar med kommunikasjon, samspel, relasjonar og psykisk helse.
Korleis kome i kontakt med oss?
Vi i teamet ynskjer at kontakt går via jordmor eller barnet sin helsesjukepleiar ved helsestasjonen eller i skulehelsetenesta. Dersom dette ikkje er mogleg, vil vi at kontakt skal gå via annan hjelpeteneste som er i nær kontakt med barnet/ungdommen eller familien, som fastlege, barnevern, PPT, eller kontaktlærar.
Dei kan fylle ut dette kontaktskjemaet
Ved spørsmål om tilbod og inntak,
ta kontakt med koordinator tidleg innsats Birgitte Førre, tlf. 91596169.
Teamet held til i 1. etasje (helsestasjonen) ved Volda rådhus
Familie –og ungdomsstøtte (FUS) har dokumentasjonsplikt og nyttar eit databasert digitalt journalsystem for lagring av personopplysingar. Informasjonen du gir i møte/samtale med oss, er omfatta av teieplikt og blir behandla fortruleg, i samsvar med Personopplysningslova § 1 og 6.
Ved behov for, og samtykke frå deg, kan vi samarbeide med andre tenester. Det kan berre hentast inn og delast informasjon om deg og di sak dersom du har gitt samtykke til det. Samtykket skal vere «informert». (Unntak: Informasjon som er naudsynt for å redde liv og helse).
Eit informert samtykke inneber at du:
- Har fått informasjon om kva opplysingar det gjeld
- Er kjent med korleis dei skal brukast og konsekvensen av informasjonsutvekslinga
- Er kjent med at det ikkje skal bli utveksla meir informasjon enn det som er naudsynt for å sikre eit best mogleg koordinert tilbod og oppfølging
- Er kjent med at du kan nekte at opplysningar om spesielle forhold blir utveksla, eller at spesielle fagmiljø eller enkeltpersonar får bestemte opplysningar
- Er kjent med dei konsekvensar det å ikkje innhente eller dele informasjon kan ha
Dokumenta i saka vert arkivert i journalsystemet HsPro. Føresette eller barn/ungdom med innsynsrett etter Forvaltningslova § 18, kan når som helst ta kontakt med FUS-teamet dersom dei ønskjer innsyn i journalen. Volda kommune skal behandle personopplysningar slik at opplysningane sin integritet, konfidensialitet og tilgjengelegheit blir verna. I særskilde tilfelle har FUS-teamet meldeplikt til barneverntenesta.
Kontaktskjema til familie- og ungdomsstøtte