Dersom du eller andre i familien din har omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengjande, kan de søke om ulike avlastingstilbod.
Slik avlasting kan ein få både i og utanfor heimen. Eit dagtilbod eller korttidsopphald på sjukeheim er døme på slike tenester.
Tenestetilbodet vert gitt av ulike avdelingar i kommunen. Ein må levere søknad for å få dei ulike ordningane. Det er eit felles skjema for alle helse- og omsorgstenester. Du skriv kva det er behov for, så vil vi saman finne den beste løysinga.
Slik søker du om helse- og omsorgstenester
Skjema for søknad:
Elektronisk søknadsskjema (krev pålogging gjennom minID, du kan søke på vegne av andre)
Dersom de ynskjer søknadsskjema på papirutskrift kan de skrive ut PDF-skjema her.(PDF, 264 kB)
Fullmaktskjema(PDF, 306 kB) for deg som søker på vegne av andre
Fristar for søknad om avlastning
Alle søknader skal sendast forvaltningskontoret, anten digitalt eller per post.
- Søknader om avlastning i sommarferien må søkast innan 01. mars
- Søknader om avlastning i vinterferie, påskeferie, mai dagane, pinse, haustferie og juleferie må søkast 6 veker før.
Søknaden må vere i hende forvaltningskontoret innan fristen då sakshandsamingstida kan ta tid. Tenesta må ha tid til å planlegge og få tak i tilstrekkeleg kvalifsert personell.