Kreftkoordinator og kreftomsorg

Kreftkoordinator og kreftomsorg

Kva tilbyr vi? 

Kreftkoordinator kan vere tilgjengeleg for kreftpasientar i ulike fasar av sjukdomen, samt for pårørande, helsepersonell og andre aktuelle. Koordinatoren kan gi råd, rettleiing og samtalar, og vere med å sikre trygg omsorg i heimkommunen. Koordinatoren kan også vere eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunen.  

Kreftkoordinatortenesta er eit lågterskeltilbod. Pasientar og pårørande kan sjølve ta kontakt. Det kan også henvisast frå behandlar i Helseforetak, fastlege eller anna helsepersonell. Ein treng ikkje ha andre kommunale tenester.

I tillegg til kreftkoordinatoren har kommunen fleire ressurssjukepleiarar tilsett i ulike avdelingar som kan tilby hjelp og støtte. Saman utgjer dei Ressursteam for kreft og palliasjon. 

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft 

Alle som får ei kreftdiagnose får tilbod om "Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft". Pakkeforløpet skal sikre ein god overgang mellom sjukehus og kommune, slik at pasient og pårørande skal for god oppfølging gjennom heile forløpet.  Pakkeforløpet er eit tilbod om samtalar for å få fram dine behov for tenester og oppfølging, utover sjølve kreftbehandlinga. Det er din livssituasjon, og kva som er viktig for deg, som skal stå i fokus.  

Meir informasjon om “pakkeforløp heim for pasientar med kreft”

 

Kven kan få tilbodet? 

Tilbodet er tilgjengeleg for deg som har kreft eller til deg som er pårørande. 

Korleis få tilbodet? 

Ta kontakt med kreftkoordinatoren på telefon eller e-post, eller be andre ta kontakt for deg. 

Kva kostar det? 

Tenesta er gratis. 

Kontakt

Anne-Kristin Rostad
kreftkoordinator
E-post
Telefon 70 05 40 41
Mobil 95 79 23 72