Pårørande

Pårørande

Pårørande ved demens

Er du pårørande til ein person med demens ?  

Hukommelsesteamet i kommunen er eit tverrfagleg team som er organisert under heimetenesta. Teamet består av sjukepleiar, ergoterapeut og den enkelte brukar sin fastlege. Ein kan ta direkte kontakt med hukommelsesteamet på telefon, eller be fastlege eller helsepersonell hjelpe til med å ta kontakt. Tenesta vert primært utført måndagar mellom kl. 8.00-16.00, med unntak av høgtidsdagar.

Hukommelsesteamet i Volda kommune:

  • Gjev råd og rettleiing til personar med demens og pårørande til personar med demens.
  • Utfører kartlegging og utgreiing i samarbeid med fastlege
  • Utfører heimebesøk
  • Har oppfølging av pasient og pårørande
  • Har kunnskap om kommunale tenester og aktuelle hjelpemiddel og kan hjelpe til med å søke på desse.

 

Kva er demens?

Tidlig tegn på demens

  • Lett for å gløyme, særleg det som nylig har hendt
  • Problem med å planlegge, løyse og fullføre vanlige dagligdagse oppgåver
  • Språkvanskar, kan gløyme enkle ord, vanskar med å huske namn på ting eller personar
  • Vanskar med å huske tid og stad
  • Redusert dømmekraft
  • Utfordringar med å følge opp økonomiske forhold
  • Feilplassering av gjenstandar
  • Endringar i humør og personligdom  
  • Endra åtferd
  • Tap av initiativ og engasjement

Du kan lese meir om fakta om demens på nettsida til Aldring og helse her

Nyttige lenker:

Aldring og helse: Nasjonal kompetanseteneste https://www.aldringoghelse.no/demens/

Nasjonalforeningen for folkehelsen  https://nasjonalforeningen.no/demens

Helsenorge.no  https://www.helsenorge.no/sok/?q=demens

Planlegge litt: https://www.planleggelitt.no/    Aldersvennleg Norge 

Framtidsfullmakt https://www.sivilrett.no/framtidsfullmakt

 

Pårørande ved rus- og psykisk helse

Til deg som er pårørende til ein person med rusavhengigheit eller psykiske helseplager

Behov for akutt hjelp

Ta kontakt med din fastlege eller legevakta. Ved livstrugande tilstandar - ring 113. 

Råd og rettleiing

Er du pårørande til ein person med rusavhengigheit eller psykiske helseplager og har behov for å ta kontakt med oss? Då kan følgande personar svare på eventuelle spørsmål:

Geir Sæther (Rustenesta)
E-post: geir.sater@volda.kommune.no
mobil: 912 46 890

Marita Øye (Rustenesta)
E-post: marita.oye@volda.kommune.no
mobil: 907 89 960

Kari  Bjerkeng Grong (Psykisk helseteneste)
E-post: kari.bjerkeng.grong@volda.kommune.no
mobil: 468 21 748

Trude Sætrevik (Ambulerande tenester)
E-post: trude.kile.saetrevik@volda.kommune.no

Tonje Aklestad (Myra bufellesskap)
E-post: tonje.aklestad@volda.kommune.no
 

Vi kan ikkje gi ut teiepliktig informasjon utan samtykke frå den det gjeld. Men du som pårørende kan gi opplysningar om den som har eit rusproblem eller psykiske helseplager til oss. 

Dersom du har behov for tenester fordi din helsetilstand er påverka av rusmiddelmisbruk eller psykiske lidingar i familien, anbefalar vi deg å snakke med din fastlege og saman vurdere ei tilvisning til oss.

Pårørendeorganisasjoner

 

Pårørande til personar med funksjonshemming

Å være pårørande til ein person med nedsett funksjonsevne kan innebere både psykiske og fysiske påkjenningar. Under finn du lenkar til rettigheiter og støtteordningar til foreldre, søsken og barn som pårørande.

Kommunen skal tilby pårørande som har særlig tyngande omsorgsarbeid:

  • Opplæring og rettleiing
  • Avlastningstiltak  
  • Omsorgsstønad

Mange pårørande har god kunnskap og erfaring med kva som fungera og ikkje. Likevel kan ein vere usikker og ønske snakke med fagpersoner om omsorgsoppgåvene. Opplæring og rettleiing kan for eksempel innebere å lære korleis ein kan hjelpe til med tøying og trening heime, regulering av diabetes eller kva kommunikasjons- og handlingsverktøy som kan være nyttig ved uønska åtferd.

 

Kommunen skal fatte vedtak når du som pårørande har behov for opplæring og rettleiing som strekk seg over 14 dagar.

Nyttige lenkjer til kurs og informasjon: