Styrk-arbeid og Styrk-aktiv er ein del av Volda kommune si rus- og psykisk helseteneste, og held til i prestegarden i Volda sentrum (Prestegata 2). Huset vert delt med Gnisten, som er eit lågterskeltilbod innan psykisk helse.
Styrk aktiv
Styrk aktiv er Volda kommune sitt tilbod til dei som har fått krav om aktivitet som sosialhjelpsmottakar
Det står i retningslinene at "arbeidet skal vere tilnærma vanleg arbeid; meiningsfullt, gjenkjenneleg og ein skal sitte att med ei god kjensle av vel utført arbeid". Måloppnåinga skal vere klar og realistisk.
Arbeidet skal vere variert og variere mellom "vanleg" arbeid og kompetansegivande arbeid, eller fysisk aktivitet.
Styrk aktiv har tett samarbeid med NAV Ørsta/Volda
Styrk arbeid
Styrk Arbeid er eit arbeidstreningstiltak for unge som av ulike grunnar har droppa ut av utdanning eller jobb. Det leggast til rette for meistring, både praktisk og sosialt, slik at vegen tilbake til utdanning og jobb blir enklare. Deltakaren får tett oppfølging, og kan få hjelp til jobbsøking og evt. praksisplass. Tilbodet er ein del av Volda kommune si rus- og psykisk helseteneste, og held til i prestegarden i Volda sentrum (Prestegata 2). Huset delast med Gnisten, som er eit lågterskeltilbod innan psykisk helse.
Styrk har ein del faste arbeidsoppdrag innad i kommuna, i tillegg til enkle oppdrag som måling og snekring, enkelt vedlikehald, flytteoppdrag og lettare skogsarbeid. Arbeidsdagen er kl 10-15 måndag til fredag.
Deltakaren i Styrk er med på dei arbeidsoppdraga som ein til ei kvar tid har. Det er fokus på både å lære nye ting, og gjere ting som ein veit at ein mestrar. Det er viktig å jobbe godt ilag, men også viktig å trivast godt ilag sosialt. Kvar veke gjer deltakarar og tilsette ein kjekk aktivitet ilag, som klatring, bålkos, fisketur, spel eller anna.
Kontakt på mobil:
Styrk kan følgast på facebook.