Parkeringsbevis

Parkeringsbevis

Parkeringsbevis for forflyttingshemma

Kva er parkeringsbevis?

Parkeringsbeviset gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar.

Beviset er personleg og skal nyttast enten som førar eller passasjer.

 

Kven kan søke om parkeringsbevis?

Førar:

  • Søkaren kan ikkje gå eller har store vanskar med å bevege seg over noko lengde (forflyttingshemma)
  • Søkaren må ha et særleg behov for parkeringslette

Passasjer:

  • Søkaren kan ikkje gå eller har store vanskar med å bevege seg over noko lengde (forflyttingshemma)
  • Søkaren må ha et særleg behov for parkeringslette
  • Søkaren må ha behov for regelmessig tilsyn utanfor motorvogna

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis kan ein søke om parkeringsbevis?

Klikk her for å kome til søknadsskjema og legeerklæringsskjema.

Legeerklæring og passfoto/bilde skal ligge ved søknaden.

  • Søknad som manglar dette, vil ikkje bli handsama.

 

Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottek vedtaket. Her er link for å søke om parkeringsbevis for institusjon med forflytningshemma.

Kva dekkjer tenesta?

  • Parkeringsbeviset gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar.
  • Beviset gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med forsida godt synleg.
  • Beviset gjeld også i heile Europa, men då etter dei enkelte land sine reglar.
  • Løyvet blir vanlegvis gitt for 4 år.

 

Når kan du vente svar?

  • Vi handsamar søknaden din så raskt som råd.

 

Utgått parkeringsbevis

  • Søkaren er sjølv ansvarleg for å sende søknad om nytt løyve i god tid før det førre går ut. Det blir antatt at 6 månader før utløpstida vil vere tilstrekkeleg; av omsyn til eventuell klagehandsaming.

 

Sjå Statens vegvesen for meir utfyllande informasjon om parkeringsbevis Parkeringstillatelse for forflytningshemmede | Statens vegvesen