Målet med helse- og omsorgstenestene i kommunen er å gi innbyggarane trygge og forsvarlege tenester. Tenestene skal utformast i samarbeid med den enkelte brukaren og utførast av kompetente medarbeidarar. Samtidig må tenestene driftast innanfor dei økonomiske rammene kommunen har.
Tenesteskildringane er ei rettleiing for både innbyggarar og tilsette. Dei byggjer på lovverk, nasjonale føringar, politiske vedtak og faglege vurderingar. Målet er å skape ei felles forståing av kva tenester kommunen kan tilby, og kva som ligg til grunn for tildelinga av desse
Ei tenesteskildring forklarer innhaldet og omfanget av ei teneste. Dei skildrar og:
- formålet med tenesta
- kven tenesta er meint for
- vilkår for å få tenesta
- kva brukarar kan forvente av kommunen
- kva kommunen forventar av brukarane
Tenesteskildringa skal bidra til føreseielege og likeverdige tenester for alle som søkjer om eller mottek helse- og omsorgstenester.
Her kan du lese dokumentet:
Digital plan for Kvalitetsstandard for helse og omsorgstenester i Volda kommune
Kvalitetsstandard for helse og omsorgstenester i Volda kommune(PDF, 2 MB)