TT - kort (transporttenester)

TT - kort (transporttenester)

Frå 01.01.25 gjeld nye retningsliner for transportteneste for menneske med nedsett funksjonsevne(TT-kort). 

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har vedtatt dei nye retningslinene.

I retningslinene står mellom anna:

Godkjenningsperiode:  

Vedtak om godkjenning som TT-brukar vert gjeve for ei periode på 2 år frå dato på vedtaket. For brukarar som har større funksjonsnedsetjing vert det gjeve godkjenning på 5 år frå dato på vedtaket.

Reisestøttebeløp pr år

Det vert tildelt eit reisestøttebeløp på kr 3 500 for personar som bur meir enn 10 km frå kommunesenteret og kr 2 000 for personar som bur mindre enn 10 km frå kommunesenteret, gjeldande frå og med 1. januar 2025.

Volda kommune har motteke 405.000,- frå Fylkeskommunen til dekking av samla kostnader med ordninga. Fylkeskommunen har orientert kommunane om at tildeling av TT- kort utover summen som er gitt kommunen, må dekkast av kommunen sjølv. Kommunen må vurdere strengt tildeling i ordninga for å halde seg innanfor gitt ramme.  

Det er forvaltningskontoret i sektor helse- og omsorg som har ansvar for forvaltning av ordninga i kommunen.  

Tilrettelagt transport – TT kort

Informasjon om nye retningslinjer for ordninga med tilrettelagd transport, TT-ordninga i Møre og Romsdal

Transporttenesta (TT) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør, for personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise med kollektivtransport. 
Transporttenesta kan vere til hjelp slik at dei kan få høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet.

TT-ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men eit velferdsgode som fylkeskommunen tilbyr innbyggjarane. Fylkeskommune vedtek beløpet som skal brukast, og korleis TT-ordninga skal organiserast.

  • Det vart innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024
  • TT-kortet kan ikkje brukast til å dekkje eigenandelen
  • Det vert oppretta ventelistever for dei som søkjer og ikkje får tilbod om reisestøtte

 

Gjeldande retningsliner

Fylkestinget har vedteke nye retningsliner, gjeldande frå og med 1. januar 2025, og at TT-budsjettet frå og med 2024 blir redusert frå 15 millionar til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av dette må talet på brukarar i ordninga reduserast.

Retningslinene (mrfylke.no)

Slik søker du 

Det er heimkommunen di som behandlar søknadar om TT-kort. Du sender søknaden til kommunen, saman med legeerklæring som er utfylt av til dømes lege, fysioterapeut eller ergoterapeut.

Skjema 

Søknadsskjema for TT-kort (tilrettelagt transport) finn du på mrfylke.no 

Søknad om TT-kort for utskrift (DOCX, 36 kB)

TT-kort legeerklæring(DOCX, 36 kB)