TT - kort (tilrettelagt transport)

TT - kort (tilrettelagt transport)

Møre og Romsdal fylkeskommune overtek frå 01. juli 2026 ansvaret for all brukargodkjenning og klagehandsaming knytt til TT-kort 

Transporttenesta (TT- ordninga) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør, for personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise med kollektivtransport. 

TT-ordninga skal dekke fritidsreiser for brukarar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har problem med å reise med kollektivtransport. 

TT-ordninga gjeld fritidsreiser som ikkje er betalt av andre, som for eksempel reiser til behandling hos lege/sjukehus. I slike tilfeller er det Pasientreiser som betalar reisa. 

Meir informasjon om TT-kort finn du på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Retningsliner

Retningslinene (mrfylke.no)

Slik søker du 

Det er Møre og Romsdal Fylkeskommune som behandlar søknadar om TT-kort frå 01.07.26. Du sender søknad til fylkeskommunen, anten via post eller elektronisk, saman med legeerklæring som er utfylt av lege. 

Adresse: Møre og Romsdal Fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 Molde