For innbyggar

For innbyggar

Digital heimeoppfølging er ei helseteneste der brukaren får hjelp av teknologi til å følgje opp helsa si. Tenesta er eit samarbeid mellom fastlegar, kommunar på Søre Sunnmøre og Volda sjukehus. Det er Søre Sunnmøre legevakt som står for drifta av oppfølgingstenesta for digital heimeoppfølging.

Nettbrett med oversikt over dagens oppgåver - Klikk for stort bilete

Dagens oppgåver i app

Tenesta digital heimeoppfølging er spesielt godt egna for brukarar som har moderat til alvorleg kronisk sjukdom, som t.d. KOLS, hjartesvikt eller diabetes. Det kan også nyttast til oppfølging ved t.d. kreft eller psykisk sjukdom.

Brukaren får en app på smarttelefon eller nettbrett. Appen nyttast til å sende inn målingar, svare på spørsmål og til å kontakte tenesta. Aktuelle målingar kan vere blodtrykk, puls, oksygenmetning, blodsukker, vekt eller temperatur. Brukaren får låne aktuelt måleutstyr. I tillegg får brukaren en eigenbehandlingsplan. Planen viser kva brukaren skal gjere ut ifrå kva målingane seier.

Korleis kan digital heimeoppfølging vere til hjelp i kvardagen? Sjå filmen vår her

 

Kvifor digital heimeoppfølging?

Målet med tenesta digital heimeoppfølging er at brukaren skal få kunnskap og verktøy til å meistre kvardagen med kronisk eller alvorleg sjukdom. Gjennom målingar vil ein kunne oppdage teikn på at sjukdommen blir verre, og brukaren kan sette i gang tiltak som er avtalt på førehand med fastlege. Desse tiltaka skal bidra til unngå eller bremse sjukdomsutvikling. Dette vil vidare kunne bidra til mindre behov for andre helsetenester, t.d. innlegging i sjukehus eller heimetenester.

Korleis fungerer digital heimeoppfølging i praksis?

Ved oppstart av tenesta vil helsepersonell frå oppfølgingstenesta ved Søre Sunnmøre legevakt reise på eit heimebesøk. Brukaren vil få nødvendig måleutstyr og god opplæring i å bruke det. Han eller ho vil også få installert ein enkel app på telefon eller nettbrett. Appen nyttast til å sende inn målingar og svar, og til kommunikasjon med oppfølgingstenesta.

Automatisk innsending av målingar Dignio

Dei første 2-6 vekene skal brukaren utføre daglege målingar slik at oppfølgingstenesta får kartlagt kva som er normale verdiar for denne personen.

Så vil brukaren få ein eigenbehandlingsplan. Planen blir laga i samarbeid med brukar, fastlege og oppfølgingstenesta. Planen gir rettleiing om kva brukaren skal gjere ut i frå kva målingane og dagsforma seier. Planen er bygd opp etter ein trafikklys-modell.

Trafikklys-modellen er slik at når målingane og dagsforma er innanfor det normale for brukaren, er brukaren i grøn sone. Viss derimot målingane er dårlegare enn normalt kan brukaren kome i gul eller raud sone. Brukaren skal følgje dei tiltaka som er anbefalt under den aktuelle sona i eigenbehandlingsplanen. Tiltaka er allereie avklart med lege og tilpassa den enkelte sin situasjon.

Kven kan få digital heimeoppfølging

Ein kan søke om digital heimeoppfølging viss ein:

  • er busett i Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda eller Ørsta
  • har middels til moderat alvorleg sjukdom, til dømes:
    • kols
    • diabetes
    • hjartesvikt
    • kreft
  • er motivert for å bruke teknologi for å handtere helsa betre

Forvaltningskontor/tenestekontor i heimkommunen vil behandle søknaden. Tenesta vil bli gitt der ein ser moglegheit for betre meistring og livskvalitet for brukaren og mindre bruk av ressursar for helsetenestene.

Korleis søke om tenesta

Fastlege eller lege på sjukehuset kan sende inn elektronisk tilvising på vegne av ein pasient. Det same kan gjerast av anna helsepersonell i kommune eller sjukehus. Tilvisinga sendast til tenesteforvaltninga i heimkommunen. 

Innbyggar kan også søke sjølv ved å fylle ut søknadsskjema om helse- og omsorgstenester. Dette er eit generelt søknadsskjema som finst på nettstaden til heimkommunen. 

DHO er ei nasjonal satsing

Det pågår eit landsomfattande arbeid med å ta i bruk digital heimeoppfølging. Helsedirektoratet har gjennomført eit stort spredningsprosjekt for å etablere tilbod om digital heimeoppfølging i alle fylker. I Møre og Romsdal har dei gitt støtte til utvikling av tenesta på Søre Sunnmøre gjennom vårt prosjekt “Måling og meistring - Digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre”. Prosjektet gjekk frå 2022 til 2024 og har resultert i at kommunane på Søre Sunnmøre kan tilby digital heimeoppfølging til sine innbyggarar frå hausten 2024.

Les meir på nettsida til Helsedirektoratet her.

Nasjonale faglege råd om digital heimeoppfølging finn du her.

Kontakt

Telefonnummer til oppfølgingstenesta for DHO: 90 83 07 20

Tenesta er tilgjengeleg mellom 8.00-15.30 på kvardagar. Tenesta held til på Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. 

Ved akutt sjukdom må ein ta kontakt med 113 eller legevakta på telefon 116117