Prosedyre for tildeling og sakshandsaming DHO

Prosedyre for tildeling og sakshandsaming DHO

Bakgrunn

Digital heimeoppfølging (DHO) er ei ny teneste som blir utvikla gjennom prosjektet Måling og meistring - digitalheimeoppfølging på Søre Sunnmøre. Frå 2025 skal digital heimeoppfølging vere ei teneste i ordinær drift. Tenesta driftast av Søre Sunnmøre legevakt på vegne av kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy, Sande og Hareid.

Formål med prosedyren

·         Gi tenestene informasjon om saksgang og kriterium for DHO.

·         Sikre lik tilgang til tenester for innbyggarane i kommunane som tek del.

·         Sikre god kvalitet på kartlegging og tildeling av tenester.

Omfang/verkeområde

Prosedyren er gjeldande frå 01.05.24  og gjeld for kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy, Sande og Hareid.

Ansvar

Leiarane for kommunane sine tenestekontor/forvaltningskontor og leiar for interkommunal legevakt har ansvar for å implementere prosedyren. Alle tilsette i tenestekontor/forvaltningskontor og interkommunal legevakt har ansvar for å følge prosedyren.

Saksgang

Kven kan søke/tilvise

Brukar eller pårørande kan sjølv søke om digital heimeoppfølging.

Fastlege og anna helsepersonell i kommune og spesialisthelseteneste kan tilvise brukarar til digital heimeoppfølging.

Tenestekontor/forvaltningskontor kan oppdage behov og gi informasjon om tenesta til brukar/pårørande.  

Korleis søke/tilvise

Brukarar og pårørande søker via kommunen sitt ordinære søknadsskjema for helse og omsorgstenester.

Fastlege og spesialisthelseteneste tilviser via e-melding til tenestekontor/forvaltningskontor i brukaren sin heimkommune. Bruk meldingstype “Forespørsel”.

Helsetenester/helsepersonell i brukar sin heimkommune tilviser ved å skrive 231 Vurderingsjournal. I tillegg må ein sende ei internmelding til tenestekontor/forvaltningskontor for å gjere oppmerksam på vurderingsjournalen.

Sakshandsaming

  • Tenestekontor/forvaltningskontor tek imot tilvisinga, og registrerer søknad i Gerica.
  • Tenestekontor/forvaltningskontor sender saka til DHO-tenesta ved Søre Sunnmøre legevakt for kartlegging. Saka sendast via e-melding til adressa “Volda kommune, responsenterteneste (Digital heimeoppfølging)”. Bruk meldingstype “Forespørsel”.
  • DHO-tenesta tek imot saka og skal deretter:
  • samle relevante opplysningar frå brukar, aktuelle helsetenester og fastlege
  • avklare med fastlege om DHO er hensiktsmessig for denne brukaren og eventuelt kva måleutstyr som er hensiktsmessig
  • gjennomføre kartleggingsbesøk hos brukaren
  • vurdere om brukar oppfyller kriteria for DHO 
  • konkludere med om det er hensiktsmessig eller ikkje å starte opp med DHO
  • DHO-tenesta sender vurdering og oppsummering til tenestekontor/forvaltningskontor via e-melding. Bruk meldingstype “Forespørsel”. Meldinga må innehalde oppstartsdato dersom tenesta skal bli innvilga.  
  • Tenestekontor/forvaltningskontor fattar vedtak og sender til brukar.
  • DHO-tenesta startar opp tenesta (utan å vente på vedtak).

   

I Gerica er DHO eigen saks- og tenestetype, nr. 266. Nytt denne ved sakshandsaming. Tenesta plasserast på nivå x.1 - Heimebuande (nivå 2). Tiltak er ikkje nødvendig.

Iplos-kartlegging og ADL er ikkje nødvendig, då tenesta ikkje er rapporteringspliktig.

Kriterium for tildeling av digital heimeoppfølging

Søkar må:

  • ha minst ei av diagnosane diabetes, hjartesvikt eller KOLS
  • ha medium til høg risiko for forverring av helsetilstanden
  • ha tilstrekkeleg kognitiv funksjon til å handtere app og eventuelt måleutstyr, eller ha pårørande som ønsker å hjelpe
  • ha motivasjon og ønske om DHO

 

I tillegg bør minst eit av følgande vere gjeldande: 

  • søkar har behov for systematisk oppfølging
  • søkar har behov for auka tryggleik og meistring av sjukdommen
  • potensiale for å redusere, utsette eller unngå bruk av andre helsetenester

Evaluering og avslutning av teneste

DHO-tenesta evaluerer brukarane av DHO fortløpande, og minimum kvart halvår. Dersom det blir bestemt at tenesta avsluttast skal tenestekontor/forvaltningskontor ha beskjed. DHO-tenesta sender konklusjon til tenestekontor/forvaltningskontor via e-melding. Bruk meldingstype “Forespørsel”. Meldinga må innehalde dato for avslutning av tenesta.

Dokumentasjon

Tildelingskontor/forvaltningskontor dokumenterer i Gerica.

DHO-tenesta dokumenterer i Pridok. Administrasjon av DHO-tenesta skjer i Dignio Prevent.

Kommunikasjon skjer via elektronisk meldingsutveksling hjå NHN mellom “Saksbehandling” i aktuell kommune og “Responssentertjeneste, Digital heimeoppfølging - Volda kommune”. Nytt meldingstype “Forespørsel”.