Praktisk bistand / heimehjelp er ei av fleire tenester som kan tildelast etter søknad og fagleg vurdering av brukaren sitt behov. Tenesta inneheld praktisk hjelp i heimen til dagleglivet sine gjeremål.
Personar som har særleg behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker kan søkje om praktisk bistand/ heimehjelp. I vurderinga av behovet for hjelp tek ein hensyn til:
- Søkjaren sin eigen evne til å klare eller ta del i oppgåvene.
- Om det er ein ektefelle, familie eller andre som kan ivareta, eller ta del i oppgåvene.
- Om det fører til helsemessige konsekvensar dersom hjelpa ikkje blir gitt
Kontaktinformasjon:
Ved behov for teneste, eller spørsmål rundt vedtak, kontakt Forvaltningskontoret tlf 90 41 18 86
Området som omfattar det meste av “gamle Volda kommune” får reinhaldstenester frå Seksjon Reinhald ved den kommunale Eigedomsavdelinga.
- Seksjonsleiar Wenche Skjærvik tlf 90 15 88 16
- Koordinator heimebasert reinhald Feven Makele Yemann tlf 45 52 94 90
Ambulerande heimetenester gruppe 3 gir reinhaldstenester i Hornindal, Bjørke, Viddal, Leira, Kalvatn, Osdalen.
For brukarar av helsetenester i heimen og deira pårørande er det høve til digital dialog med heimetenestene via helsenorge.no.