Støttekontakt

Støttekontakten tilbyr mellom anna sosialt samvær etter behov og følge til ulike fritidsaktivitetar.

Fritidstilbodet skal vere basert på brukaren sine ønske, behov og føresetnader.

Kva er tenesta støttekontakt?

Støttekontakt er eit fritidstilbod som skal vere basert på brukaren sine ønske, behov og føresetnader. Det er eit tiltak for personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsnivå, alder eller sosiale problem.

Støttekontakt er eit tiltak for å bryte sosial isolasjon og bidra til ein meiningsfull fritid. 

Kven kan få støttekontakt?

Støttekontakt vert tildelt personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsnivå, alder eller sosiale problem. Støttekontakt kan også tildelast dei som treng personleg hjelp for å ha eit sosialt og aktivt liv.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. Satsane for køyregodtgjersle tek utgangspunkt i kvar du bur i kommunen. Dette får du meir informasjon om når du får tildelt teneste.

 

Korleis søke om støttekontakt?

Klikk her for å komme til søknadsskjema.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker

Kontakt

Inger Kristin Kile
sakshandsamar, tildelingskontoret
E-post
Telefon 70 05 40 05