Fritidskonto for barn og unge

Fritidskonto for barn og unge

Fritidskonto vil ikkje vere mogleg å tilby i 2026. Volda kommune har søkt om nye midlar får Bufdir, og ikkje fått meir for i år. 

Volda kommune har i perioden 2022 – 2024 tilbydd Fritidskonto for barn og unge, -ei ordning der ein kunne få støtte til ein fritidsaktivitet, samt støtte til utstyr, eigenandel, reise og opphald i samband med deltaking på turneringar, cup eller liknande i regi av lag og organisasjonar. Fritidskonto vart finansiert av tilskotsmidlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. 

I siste søknadsrunde, 2025-2027, fekk ikkje kommunen tilstrekkeleg med midlar til å vidareføre ordninga.