Prisen vart etablert med eit ønskje om å gi positiv merksemd tilbake til frivillige organisasjonar gjennom deira gode arbeid.
Denne prisen kan både vere retta mot enkeltpersonar eller private organisasjonar som har gjort ein god innsats innan frivillig verksemd for innbyggjarar i Volda kommune.
Kva ser ein etter?
Komiteen som skal dele ut frivilligprisen vil vurdere aktuelle kandidatar etter følgjande kriterium/retningslinjer:
- Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.
- Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.
- Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisen sine vinnarar.
- Prisen kan gjevast på grunnlag av ein persons/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.
Korleis blir ein nominert?
Alle kan fremme forslag på kandidat til prisen. Jurymedlemmer kan kome med eigne forslag til kandidatar, og kan derfor tildele prisen til ein kandidat som det ikkje er kome inn eksterne forslag på.
Fristen for å kome med forslag til kandidatar skal kunngjerast på kommunen si heimeside.
Tidlegare vinnarar:
2024: Amund Sverre Tomasgard.
Juryen sin uttale: Årets prisvinnar er ein sentral aktør for utviklinga og vedlikehaldet av eit av dei finaste friluftsområda-og anlegga i kommunen vår. Vi siterer forslagsstillar: « Mange har deltatt på dugnader opp gjennom årene. Men den som absolutt bidrar mest og drar mye av lasset er NN». Det vert i forslaget skildra ein føregangsmann som har stått sentralt i heile perioden, frå 2001, då det første tautrekket kom i Hornindal, via utbyggjing med T-trekk, og endeleg nytt tallerken-trekk for born og nybyrjarar, noko som no gjer skisenteret til eit komplett anlegg med gode fasilitetar for dei minste, dei «råaste» og alle i mellom. Både som dugnadsleiar og driftsleiar har NN brukt svært mykje av fritida si for å legge til rette for å nyte skiglede på alle nivå. Å utvikle og halde ved like eit etterkvart komplisert anlegg med mykje infrastruktur og utstyr krev innsats gjennom heile året. Bygging av nye løypetrasear, vegar, snøproduksjonsanlegg, lysanlegg, vedlikehald av maskiner og utstyr krev mykje planlegging, organisering og teknisk kunnskap. Utan eldsjeler som NN er det ikkje mogleg å korkje etablere, eller drifte slike anlegg. Årets prisvinnar har også i fleire samanhengar tatt initiativ til arrangement og aktivitetar, han stod mellom anna bak dei første utgåvene av fjelløpet Hornindal Rundt. Evna til å sette idear ut i live og ikkje minst evna til å gje andre tillit og vekstmoglegheiter, er avgjerande for å lukkast med store dugnadsprosjekt. Og dette er juryen sitt hovudpoeng, og som dei ynskjer å honorere med frivilligprisen: Godt dugnadsarbeid krev desse personane som «dreg lasset», tek initiativ og får andre med. Frivilligprisen 2024 går til Amund Sverre Tomasgard.
2023: Røde Kors omsorg
Juryen sin uttale: Årets mottakar av frivilligprisen er ein flokk engasjerte eldsjeler som på kvar sine vis utfører vikte oppgåver i lokalsamfunnet. Gjennom dei mange ulike oppgåvene dei gir seg i kast med etter som samfunnsutfordringane dukkar opp, når dei svært langt ut for å femne om mange ulike behov for hjelp og støtte. Vi nemner mellom anna:
Buda, gratisbutikken på Spinneriet, Eldrekafeen på Røde-korshuset, Besøksteneste for eldre, Habil, mengdetrening for førarkort, Vitnestøtte i rettssaker, Organiserte turar til Turnhytta, Treffstad for flyktningar, Samarbeid om eldredagen. Det unike med dette laget, Volda Røde Kors Omsorg, er den evnen dei har til å gripe utfordringar, snu seg rundt og gjere noko med det! Og dette har dei gjort i 30 år. Juryen stadfester at den samfunnsinnsatsen som Volda Røde Kors Omsorg utfører - med det grunnsynet som ligg i botnen for heile Røde kors sitt virke - har ein uvurderlig samfunnsverdi som gjer Volda til eit varmare og tryggare lokalsamfunn.
2022: VTI fotball.
Juryen si uttale: Prismottakar er ein organisasjon som gjennom mange år har vore viktig i bygda vår. Den femner vidt og har tilbod til innbyggjarar i eit stort aldersspenn. Den bidreg til bulyst, trivsel, samhald, meistring og til folkehelsa vår. Dei frivillige i organisasjonen gjer ein stor innsats, særleg for born og unge. Dei tilbyr aktivitetar der dei legg vekt på gode haldningar, respekt, engasjement, inkludering og deltaking. Dette er eit viktig bidrag til å sikre gode oppveksvilkår. I ei tid då vi ser at det er utfordrande å vere barn og unge, der utanforskapet aukar, er det viktig at vi har allsidige arenaer og vaksne som stiller opp og skaper aktivitet.
2021: Trivsel i sentrum.
Juryen konkluderte med at Trivsel i sentrum er ein flokk ustoppelege entusiastar med velutvikla teft for kva Volda treng: entusiasme, lagspel og positivitet. Når ein legg til fantasi, moro og estetikk, er nemnda særs glade for å kunne tildele Frivilligprisen 2021 til Trivsel i sentrum.
2020: Forsamlingshuset Samhald i Austefjorden sitt støttelag. Samhald støttelag representerer ein unik bygdekultur– som forslagsstillar uttrykkjer det: det er bygda på sitt beste. Det er ein kultur i Austefjorden å samlast til minnestund på Samhald etter at seremonien i kyrkja er over. Då står Samhald støttelag klare med fint dekka bord, brennsnut, kaffi og kaker, syter for forarbeidet, sjølve stunda og opprydding. Samhald støttelag har gjennom alle år vore drive av kvinner, og er det framleis. Dei som stiller opp gjer det heilt og fullt på dugnad. Inntektene som kjem av innsatsen, går til drift av forsamlingshuset Samhald.
2019: Berit Koen og Per Ernst Lundberg
for sin mangeårige frivillige innsats for friluftslivsaktivitet generelt, og spesielt for 25 år med dameskikveldar på Reset, der dei har dei halde familiebakken på Reset open for dameskikøyring kvar mandagskveld.
2018: Edvin Mårstøl
for sin store innsats for Indre Dalsfjord og Stein Osvoll for sitt store bidrag til at brukarar av dagsenter og andre i helse og omsorg kjem seg ut på turar.
2017: Øyvind Flåskjær, Kristian Woldseth og Ole-Martin Iversen
for særskilt innsats for at vi alle kan nyte gode forhold og skiløyper i Volda
2016: Petra Humberset
for sitt langvarige arbeid i Frelsesarmeen i Volda
2015: Øystein Bakke
for mellom anna dømming i VTI, parkeringsvakt på Volda skisenter, tursjef ved Birkebeinaren, og fast faneberar for Volda hornmusikk på 17. mai.