Borgarleg vigsel

Innbyggjarar som ønskjer borgarleg vigsel kan gjere dette i Volda kommune. Slik benyttar du deg av tilbodet.

Før vigselen

For å inngå ekteskap i Norge, må staten først gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra. Dette vert utført av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. 

Om vilkåra for å inngå ekteskap er innfridd, vil folkeregisteret utstede ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månadar.

Alle spørsmål knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor.

Vigsel og seremoni

Volda kommune tilbyr vigsel for alle personar som følgjer vilkåra for å inngå ekteskap i Norge etter kap. 1 i Ekteskapslova.

Prosedyre for borgarleg vigsel i Volda kommune (PDF, 371 kB)

Det er to funksjonar i kommunen som har vigselsmynde: ordførar og varaordførar.

Tilbodet er gratis så lenge du vil gifte deg i lokala kommunen tilbyr, som er møterom Voldsfjorden eller på ordføraren sitt kontor. Begge lokala er lokalisert i 1. etasje på rådhuset.

Dersom du har ønskje om anna lokale/pynt enn det kommunen tilbyr, eller til dømes musikk, diktlesing e.l., må du ordne og betale dette sjølv.

Til registreringsskjema for borgarleg vigsel

Etter vigselen

Brudeparet vil få tilsendt mellombels vigselattest. Kommunen sender denne også til folkeregisteret som deretter utstedar endeleg vigselattest.

Om du skal endre namn som resultat av vigselen, må du ordne dette sjølv på Skatteetaten sine nettsider.

Om du ønskjer hjelp til å følgje den formelle prosessen for å inngå eit ekteskap, har skatteetaten på si heimeside laga ein rettleiar steg for steg som kan vere til god hjelp.

Kontakt

Lene Borgersen
Konsulent
E-post
Telefon 70 05 87 82