Frivillig i eldreomsorga

Frivillig i eldreomsorga

Manuela viser fram aktivitetsmateriell for frivillige. - Klikk for stort bileteManuela viser fram aktivitetsmateriell for frivillige. Bente Engeseth

Gi av di tid – auka trivsel og betre livskvalitet til dei eldre i i Volda kommune. 

Kva får du som frivillig?

Du får kurs, opplæring, ivaretaking, motivasjon og rettleiing.

Gjennom samtale og intervju saman med frivilligkoordinatorane vil ein finne ei god kopling etter fellesinteresse som fører til dobbel glede, ein vinn-vinn situasjon.

Kva kan du gjere?

  • Bli kjent med pasient/brukar
  • Lese aviser eller bøker
  • Kafébesøk, konsert eller kino
  • Gå tur både inne og ute
  • Song, musikk eller liknande.

Du kan bli:

  • Aktivitetsvenn for ein person med demens
  • Turvenn
  • Sykkelvenn
  • Besøksbaby
  • Og mykje meir

Du kan lese meir om det å vere aktivitetsvenn på aktivitetskalenderen Friskus

Du kan også bli med i ei trivselsgruppe. Du finn meir informasjon på aktivitetskalenderen Friskus.

Kven kan bli frivillig?

ALLE

Ein treng ikkje vere tilknytt ein organisasjon for å kome på besøk. Ein kan kome som ein er, aleine eller saman med andre.

Fellles for aktivitet er lågterskel og fokus på positive opplevingar.

Aktivitetskalender, https://volda.friskus.com/

Trivselsgruppe for eldre i Volda på Facebook 

Kontakt

Janne Kaald Arntsen
sjukepleiar/ frivilligkoordinator, Karvestova
E-post
Mobil 91 11 12 76
Manuela Katharina Erlbeck
helsefagarbeidar Barstadtun og frivilligkoordinator Helse og omsorg
E-post
Mobil 96 83 07 22