Frivilligprisen i Volda kommune

Frivilligprisen i Volda kommune

Sidan 2015 har Volda kommune delt ut ein frilligpris til nokon som har vist stort engasjement for frivillig innsats.

Prisen vart etablert med eit ønskje om å gi positiv merksemd tilbake til frivillige organisasjonar gjennom deira gode arbeid.

Denne prisen kan både vere retta mot enkeltpersonar eller private organisasjonar som har gjort ein god innsats innan frivillig verksemd for innbyggjarar i Volda kommune.

Kva ser ein etter?

Komiteen som skal dele ut frivilligprisen vil vurdere aktuelle kandidatar etter følgjande kriterium/retningslinjer:

  • Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.
  • Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.
  • Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisen sine vinnarar.
  • Prisen kan gjevast på grunnlag av ein persons/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Korleis blir ein nominert?

Alle kan fremme forslag på kandidat til prisen. Jurymedlemmer kan kome med eigne forslag til kandidatar, og kan derfor tildele prisen til ein kandidat som det ikkje er kome inn eksterne forslag på.

Fristen for å kome med forslag til kandidatar skal kunngjerast på kommunen si heimeside.

Tidlegare vinnarar:

2023

2022: VTI fotball. Juryen si uttale: Prismottakar er ein organisasjon som gjennom mange år har vore viktig i bygda vår. Den femner vidt og har tilbod til innbyggjarar i eit stort aldersspenn. Den bidreg til bulyst, trivsel, samhald, meistring og til folkehelsa vår. Dei frivillige i organisasjonen gjer ein stor innsats, særleg for born og unge. Dei tilbyr aktivitetar der dei legg vekt på gode haldningar, respekt, engasjement, inkludering og deltaking. Dette er eit viktig bidrag til å sikre gode oppveksvilkår. I ei tid då vi ser at det er utfordrande å vere barn og unge, der utanforskapet aukar, er det viktig at vi har allsidige arenaer og vaksne som stiller opp og skaper aktivitet.

2021: Trivsel i sentrum. Juryen konkluderte med at Trivsel i sentrum er ein flokk ustoppelege entusiastar med velutvikla teft for kva Volda treng: entusiasme, lagspel og positivitet. Når ein legg til fantasi, moro og estetikk, er nemnda særs glade for å kunne tildele Frivilligprisen 2021 til Trivsel i sentrum.

2020: Forsamlingshuset Samhald i Austefjorden sitt støttelag. Samhald støttelag representerer ein unik bygdekultur– som forslagsstillar uttrykkjer det: det er bygda på sitt beste. Det er ein kultur i Austefjorden å samlast til minnestund på Samhald etter at seremonien i kyrkja er over. Då står Samhald støttelag klare med fint dekka bord, brennsnut, kaffi og kaker, syter for forarbeidet, sjølve stunda og opprydding.  Samhald støttelag har gjennom alle år vore drive av kvinner, og er det framleis. Dei som stiller opp gjer det heilt og fullt på dugnad.  Inntektene som kjem av innsatsen, går til drift av forsamlingshuset Samhald.

2019: Berit Koen og Per Ernst Lundberg for sin mangeårige frivillige innsats for friluftslivsaktivitet generelt, og spesielt for 25 år med dameskikveldar på Reset, der dei har dei halde familiebakken på Reset open for dameskikøyring kvar mandagskveld. 

2018: Edvin Mårstøl for sin store innsats for Indre Dalsfjord og Stein Osvoll for sitt store bidrag til at brukarar av dagsenter og andre i helse og omsorg kjem seg ut på turar.

2017: Øyvind Flåskjær, Kristian Woldseth og Ole-Martin Iversen for særskilt innsats for at vi alle kan nyte gode forhold og skiløyper i Volda

  • 2016: Petra Humberset for sitt langvarige arbeid i Frelsesarmeen i Volda
     
  • 2015: Øystein Bakke for mellom anna dømming i VTI, parkeringsvakt på Volda skisenter, tursjef ved Birkebeinaren, og fast faneberar for Volda hornmusikk på 17. mai.

Kontakt

Astrid Gjersdal
leiar, frivilligsentralen
E-post
Mobil 91 72 56 39