Kulturmidlar

I Volda kommune kan frivillige lag og organisasjonar søke om kulturmidlar. Ordinær tildeling av kulturmidlane vert gjort på vårparten kvart år. Det er søknadsfrist 13. mai 2022.  

Søknadar som kjem inn etter sett frist får ikkje tilskot ved den ordinære tildelinga. Gjenståande midlar kan fordelast til prosjekt og tiltak som det vert søkt på i løpet av året. Tidleg innsats, førebygging og folkehelse er satsingsområde i kommunen.

Her finn du søknadsskjema for å søke om kulturmidlar.

Prinsipp for tildeling av kulturmidlar i Volda

  1. Kulturmidlane skal gå til frivillige lag og organisasjonar i Volda og eventuelle felleslag med nabokommunar.
  2. Søkjande lag eller organisasjon må ha organisasjonsnummer, ope medlemsskap, vedtekter og vald styre.
  3. Ordinær tildeling av kulturmidlane vert gjort på vårparten kvart år. Søknadsfrist 1. mai. Søknadar som kjem inn etter sett frist får ikkje tilskot ved den ordinære tildelinga.
  4. Gjenståande midlar kan fordelast til prosjekt og tiltak som det vert søkt på i løpet av året.
  5. Tidleg innsats, førebygging og folkehelse er satsingsområde i kommunen. Tenesteutval for oppvekst og kultur vil prioritere tiltak: 
    • retta mot barn, unge og menneske med nedsett funksjonsevne.
    • som fleire lag samarbeider om
    • som medverkar til å samle på tvers av alder/generasjon, og/eller etnisk/kulturelt opphav
    • som bidreg til at fleire vert kulturelt deltakande
  6. Kulturmidlane er meinte til prosjekt/tiltak og skal ikkje dekke ordinær drift.
  7. Nyskipa lag kan få oppstartstilskot etter særskild vurdering.
  8. Det vert ikkje gjeve støtte til reint kommersielle tiltak og arrangement. Det vert heller ikkje gjeve stønad til politiske foreiningar.
  9. Søkjar si årsmelding, rekneskap for siste år skal ligge ved søknaden så sant det ikkje ligg føre rimeleg grunn for fritak. For nyskipa lag må protokoll frå skipingsmøte ligge ved.
  10. Søknad skal og innehalde prosjektskisse og budsjett for prosjektet/tiltaket det vert søkt midlar til.
  11. Det vil verte lagt vekt på og vurdert kor stor sjølvfinansiering søkjaren stiller med. I dette ligg det andre inntekter, dugnad og eigeninnsats m.m.
  12. Mottakar av kulturmidlane skal innan eit år etter tildeling gi ein kortfatta rapport, der det går fram at midlane er nytta i samsvar med søknad/tildeling.

Tenesteutval for oppvekst og kultur gjer endeleg vedtak om kulturmidlane etter tilråding frå administrasjonen.

Mottakar av kulturmidlane skal innan eit år etter tildeling gi ein kortfatta rapport der det går fram at midlane er nytta i samsvar med søknad/tildeling.

Kontakt

Kristina Bjørdal Kostopoulos
kulturleiar
E-post
Mobil 476 06 363