Kulturprisen i Volda kommune

Kulturprisen i Volda kommune

Kjenner du nokon som fortener å bli heidra? Meld inn ditt forslag! Det er frist 12. mai 2023.

Volda kommune ser på kulturlivet som ein stor del av samfunnet vårt. Kommunestyret i Volda ynskjer derfor å honorere og inspirere det gode og viktige arbeidet som vert gjort på kulturfeltet i kommunen, og deler av den grunn ut ein kommunal kulturpris for Volda.

Denne kulturprisen kan tildelast både enkeltpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar eller til institusjonar som er heimehøyrande i Volda kommune.

Det er ein føremon at vinnaren har vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.

Kulturprisen kan også delast ut til kandidatar som ikkje er busett i kommunen, dersom kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem, Volda kommune til gode.

Meld inn din kandidat her (skjema.volda.kommune.no)

Tidlegare prismotakarar

  • 2017 Ørsta Volda Ballettskule ved Synnøve Rekkedal Hill
  • 2018 Magnar Åm
  • 2019 Båtbyggjarane på Bjørkedalen
  • 2020 Øyvind Lied (Artikkel: Kulturprisen 2020 til Øyvind Lied)
  • 2021
  • 2022 Grand Prix ved ungdomsskulen i Volda

Retningsliner for kulturprisen:

  • Volda kommune sin kulturpris blir utdelt som honnør til mottakaren for verdifull innsats for kulturlivet i kommunen. Prisen blir delt ut kvart år.
  • Målsettinga med prisen er å stimulere kulturarbeidet i kommunen.
  • Kulturprisen kan tildelast enkeltpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar eller institusjonar som er heimehøyrande i Volda kommune, og som har vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege. Kulturprisen kan  også delast ut til kandidatar som ikkje er busett i kommunen, dersom kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem Volda kommune til gode.

Vurderingskriterier for Volda kommune sin kulturpris:

  • Varigheit – lang og tru teneste
  • Mangfald - innsats innanfor fleire område av kulturlivet
  • Kvalitet – fremming av/utøving av kultur av høg kvalitet, medverknad til heving
  • Særskilde grupper – verdifull kulturinnsats for grupper med særskilde behov: Barn, ungdom, funksjonshemma, innvandrarar mv.
  • Formidling/marknadsføring av eit kulturområde innan kommunen og ut over kommunegrensa.

Kulturprisen blir kunngjort med ein frist for å sende inn forslag på kandidatar det enkelte år. Fristen skal annonserast i avis og på kommunen si heimeside. Alle kan sende inn forslag, og forslaga skal vere skriftlege og grunngjeve.

Ein jury på 3 medlemmer avgjer kven som skal få prisen. Juryen er samansett av ordførar, leiar og nestleiar for tenesteutval for barn og kultur.

Jurymedlemmer kan kome med eigne forslag til kandidatar, og juryen kan tildele prisen til ein kandidat som det ikkje er kome inn eksternt forslag på.

Prisen er på 10.000 kr, og blir overrekt av ordføraren i tilknyting til eit kommunestyremøte.