Kulturprisen 2020 til Øyvind Lied  

Kulturprisen 2020 til Øyvind Lied  

Vi gratulerer Øyvind Lied med tildeling av kulturprisen 2020 frå Volda kommune

På kommunestyremøtet 18. juni fekk Øyvind Lied tildelt kulturprisen 2020.

 

Kulturprisen 2020

Statuttane for Volda kommune sin kulturpris seier at prisen (..) blir utdelt som honnør (…) for verdifull innsats for kulturlivet i kommunen (…)  til ein mottakar som  (…) har vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.

Juryen for kulturprisen er samansett av ordførar, Sølvi Dimmen, leiar og nestleiar av tenesteutval for oppvekst og kultur, høvesvis Rebecca Riise Bjerknes og Kari Hasle.

Vurderingskriteria som juryen skal nytte i si avgjerd er:

  • Over tid – «lang og tru teneste»
  • Mangfald - innsats innanfor fleire område av kulturlivet
  • Kvalitet – fremjing av/utøving av kultur av høg kvalitet, medverknad til heving
  • Særskilde grupper – verdifull kulturinnsats for grupper med særskilde behov
  • Formidling/marknadsføring av eit kulturområde i kommunen og ut over kommunegrensa

Årets mottakar har sett og set spor etter seg i det lokale kulturlivet i Volda og i nabokommunar på ei rekke område.  Alt i slutten av tenåra var NN ein av dei som tok i bruk og utvikla Maurtua (Volda gamle gymnas) som øvingslokale.  Først kom bandet Anthill.  Seinare vart dette til Westpoint, som vart landskjende. Det vart tre plateutgivingar av desse to banda, i sjangeren jazz-rock.  Eit sentralt band var også Fantasy, som reiste rundt og spelte til dans over heile landet.

Prisvinnar har utmerka seg som aktør innan fleire sider av kulturfeltet. Frå sist på åttitalet dreiv han Studio3 i Ørsta, som mange dyktige og kjende musikkutøvarar nytta for plateinnspeling, vi kan nemne Simone, Eivind «Ratiti» Løberg, og Grete Svendsen. 

Ut over nittitalet vart prisvinnar knytt til Merkesteinane, og dette unike bandet har vart ved til dags dato.

Vi siterer forslagsstillar:

Konsertane, filmen om dei og samarbeidet med Playback-prosjektet i Mathare-slummen i Kenya har sett Volda på kartet langt utover landegrensa vår. Heile vegen har (nn) hatt ei hand over det heile.  Men det er ikkje berre medlemmane i Merkesteinane som nyt godt av (nn) sin dugande evne til å engasjere og motivere denne gruppa. Nyleg stod han føre å arrangere dansegalla med «alt tilbehør»  der andre funksjonshindra frå Volda, Eid, Vanylven og Ørsta fekk vere med. For ei glede dei synte! For ein evne han har til å få fram det beste i dei! Som ei mor uttrykte det: « Det var eitt liv før og eitt nytt liv etter Merkesteinane.»

Men kulturengasjementet stoppar ikkje der. Prisvinnar har lagt og legg ned eit viktig arbeid med kor i Volda og omegn.

Vi siterer vidare: Åmdalskoret, Ervingen, Eid Mannskor og Volda Blandakor. Han stiller trufast opp i lag med kora på julekonsertar, andre konsertar, kor-kafear,17.mai i kyrkja, konfirmasjonar og rundt om på dei ulike institusjonane i bygda. I tillegg har han komponert vakre nye melodiar og arrangert songar til tekst av lokale diktarar og andre som kora  har hatt glede av å få framføre for tilhøyrarane.

I vurderinga av mottakar av kulturprisen 2020 konkluderer juryen med at prisvinnar oppfyller alle vurderingskriteria.  Vi gratulerer Øyvind Lid med kulturprisen 2020!