Tilskot festivalar og arrangement

Tilskot festivalar og arrangement

Formål

Formålet med ordninga er å stimulere og vidareutvikle nyetablerte festivalar/arrangement og andre festivalar/arrangement som ikkje er ført opp på eigen post i Volda kommune sitt kulturbudsjett.
 

Kva type festivalar/arrangement kan få tilskot

  • Festivalar og arrangment innan kunst- og kulturfeltet i Volda
  • Det gis i hovudsak tilskot til aktørar med adresse og verke i Volda
  • Organisasjonen må vere registrert i Brønnøysundregisteret
  • Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnader
  • Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til den løpande drift 
  • Sjå også retningslinjer for tildeling frå Kraftfondet her (PDF, 378 kB) 

Tildeling - prioritering

Prioritert:

  • Festivalar/arrangement som har stor fellesnytte 
  • Festivalar/arrangement som bidreg til positive ringverknader for næringslivet
  • Festivalar/arrangement som bidreg til nyskaping og utvikling, og som aukar mangfaldet av kulturuttrykk 
  • Festivalar/arrangement som bidreg til samarbeid på tvers av ulike kunst- og kulturuttrykk 
  • Festivalar/arrangement som bidreg til auka deltaking og samhandling mellom menneske med ulik kulturell bakgrunn og positiv folkehelseeffekt  
  • Festivalar/arrangement som kan syne til ein god plan og som har eit realistisk budsjett/finansieringsplan
  • Festivalar/arrangement som i budsjett/finansieringsplan syner til andre tilskotsordningar (offentlege eller private) i tillegg til eventuell eigeninntekt 

Ikkje prioritert: 

  • Feiring av nasjonaldager
  • Feiring av nyttår
  • Feiring av merkedagar
  • Markering av heilagdagar
     

Handsaming av personopplysningar

Søknadar om tilskot er offentlege dokument. Dette gjeld også vedlegg til søknaden. Ikkje skriv personsensitiv informasjon i søknaden. 
Oppplysningar gitt i søknad om tilskot vert ikkje nytta til andre formål enn i handsaming av søknaden.
 

Rapport og utbetaling av tilskot

Søkarar som får tildelt tilskot skal levere rapport seinast 6 mnd etter gjennomført arrangement. Rapporten skal innehalde rekneskap (Volda kommune har innsynsrett til bilag og rekneskap knytt til søknaden). 
 

Endringar i prosjekt 

Kontakt sakshandsamar dersom det vert store endringar i prosjektet. Store endringar kan føre til endring i tilskotssum. 

Søknadsfrist

Søknadsfrist for 2024 er 8. mars

Søk tilskot

Kontakt

Kristina Bjørdal Kostopoulos
kulturleiar
E-post
Mobil 47 60 63 63