Utlånssentral/BUATreng du å låne sports- og friluftsutstyr? Det kan du låne heilt gratis på Hornindal utstyrsbank og BUA Volda. Hornindal utstyrsbank Hornindal utstyrsbank held til i Grobygget ved badestranda på Grodås, inngang frå parken ved scena. Kom og lån det du treng til skituren, aketuren eller kanskje trugeturen. Det er heilt gratis! Vi har eit breidt utval tur og friluftsutstyr, blant anna ulike typar telt, soveposar, skøyter,truger og ski for store og små. Utstyrsbanken har ikkje faste opningstider. For å låne utstyr tek du kontakt med Hornindal frivilligsentral i kontortid måndag-fredag kl. 08.00-15.30 og avtalar tid for utlån. Her finn du meir informasjon om Hornindal utstyrsbank (volda.friskus.com). BUA Volda BUA Volda held til i Telebygget (inngang frå oppsida) og har til gratis utlån mykje bra sports-og fritidsutstyr. Lyst ut og nyte vinteren, man manglar utstyr? Kom og lån alt du treng, om du vil på ski eller i akebakken. Sjekk ut kva vi har i www.bua.io, og/eller stikk innom og finn det du treng. Alle som låner må ha ein låneprofil i BUA, denne oppretter du fort og greit her: bua.io/registrer. Publisert 14.02.2023 20:25 Sist endra 20.02.2023 13:19