Fairtrade i Volda kommune

Fairtrade i Volda kommune

Joakim Rødven

Volda blei for fyrste gong godkjent som Fairtrade-kommune i september 2008, og denne statusen har vi behaldt sidan.

Kva vil det seie å vere ein Fairtrade-kommune?

Som Fairtrade-kommune har Volda forplikta seg til å kjøpe inn minst to ulike Fairtrademerka produkt, og sette seg mål om ein prosentvis auke over tid.

I Volda kommune har vi valt å kjøpe inn kaffi og kakao.

For kaffi har vi eit ambisiøst mål om å auke Fairtradedelen frå 50 % i 2019 til 70 % i 2021, og så 90 % i 2023.

Gjennom våre innkjøp bidreg vi som Fairtrade-kommune til utvikling hos bønder og arbeidarar, og er med på å motarbeide fattigdom i utviklingsland.

Kva er Fairtrade?

Fairtrade er ei anerkjend, uavhengig internasjonal merkeordning for rettferdig handel.

Når enkeltpersonar, bedrifter eller ein kommune vel å kjøpe Faitrademerka produkt, bidreg vi til at arbeidarar og bønder i utviklingsland får ordentlege løns- og arbeidsvilkår.

Gjennom Fairtrade-handel vi til at bøndene og arbeidarane ved eiga hjelp kan klare å løfte seg sjølv og familien sin ut av fattigdom.

Om du ønsker å lese fleire detaljar om kva Fairtrade er, kan du lese meir på Fairtrade si heimeside.

Interkommunal styringsgruppe

Ein Fairtrade-kommune vert også oppmoda til å drive med informasjonsarbeid.

I Volda er dette delegert til ei interkommunal styringsgruppe som består av ein kommunal representant frå Volda og ein frå Ørsta, i tillegg til personar frå ulike lag og organisasjonar i desse kommunane.

Du finn meir informasjon om Fairtrade-samarbeidet på Fairtrade Volda og Ørsta si Facebook-side.

Styringsgruppe Volda og Ørsta

Interkommunal styringsgruppe for Fairtrade
Person Organisasjon Funksjon i styringsgruppa
Ingrid Opedal Volda SV Leiar
Geir Helge Nilsen Naturvernforbundet Volda Ørsta kasserar og skrivar
Kjell Petter Wiik Fritt grunnlag Medlem
Laura Mortveit Framtiden i våre hender Søre Sunnmøre Medlem
Annlaug Stokke Miljøpartiet dei grøne Medlem
Tove Halse Digernes Representant Ørsta kommune Medlem
Tove Elise Thue Dale Representant Volda kommune Medlem