Formål med kraftfondet
Fondet skal i hovudsak nyttast til næringsføremål. Fondet kan og nyttast til kommunale fellestiltak.
Prosjekt som kan føre til auka sysselsetjing for kvinner og ungdom bør prioriterast.
Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til den løypande drift av verksemder eller kommunen. Det bør heller ikkje gjevast støtte til verksemder som tek i mot store overføringar over statsbudsjettet.
Tildeling av støtte frå kraftfondet skjer i samsvar med retningslinjene vedtekne i Volda kommunestyre 15.05.2025, K.sak 20/25.
Støtteformer
Til vanleg vert støtte frå kraftfondet gitt som tilskot med vilkår. Støtte kan og gjevast som lån. Vidare kan det stillast garanti for kommunale tiltak i den grad dei er gyldige garantiføremål etter kommunelova; jamfør departementet sine forskrifter om kommunale garantiar.
Midlane bør ikkje nyttast til aksjeteikning i private verksemder. Dersom det vert teikna kommunale aksjar, kan ikkje dette utgjere meir enn 30% av aksjekapitalen i verksemda. Denne avgrensinga gjeld ikkje utviklingsselskap, utleigebygg og liknande som kommunen etablerer i samarbeid med private interessentar
Støttevilkår
Samla støtte frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje overstige 50 % av den totale kapitaltrongen for eit prosjekt.
Prosjekt med høgt potensial for etablering av nye årsverk skal etter individuell vurdering kunne kvalifisere til støtte opptil 75%. Denne høgare støttesatsen skal vere grunngjeven i ei vurdering av sysselsetjingseffekt og tal på årsverk i verksemda, her under også sikring av eksisterande arbeidsplassar.
Ved prosjekt som er særleg viktig for kvinner og ungdom, og ved nyetableringar, kan det óg gjevast inntil 75% støtte med ei skjønsmessig vurdering mot talet på potensielle arbeidsplassar.
Kriterie for tildeling av støtte
Då midlane er avgrensa, vert følgjande lagt til grunn for prioriteringa av bruken:
1. Høve til å søke på desse midlane skal kunngjerast. Kunngjeringa skal skje i løpet av 1. kvartal. Dersom der står att midlar etter fyrste tildeling vil det bli opna for nye søknadar i 3. eller 4. kvartal.
2. Søkar må vere registrert i Einingsregisteret med forretningsadresse i Volda kommune. Søkar som er enkeltpersonføretak må i tillegg ha bustadadresse i Volda kommune. Det blir stilt krav om selskapsform ENK, AS eller ANS/DA.
3. Tiltak kan vere investering i produksjonsanlegg og utstyr, profilering og merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, marknadsundersøking, m.v.
4. Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnader. Kommunen kan vurdere ein høgre finansieringsdel (inntil 75%). Prosjekt med høgt potensial for etablering av nye årsverk skal etter individuell vurdering kunne kvalifisere til støtte opptil 75%. Denne høgare støttesatsen skal vere grunngjeven i ei vurdering av sysselsetjingseffekt og tal på årsverk i verksemda, her under også sikring av eksisterande arbeidsplassar. Ved prosjekt som er særleg viktig for kvinner og ungdom, og ved nyetableringar, kan det også gjevast inntil 75% støtte med ei skjønsmessig vurdering mot talet på potensielle arbeidsplassar.
5. Maksimalt søknadsbeløp er kr 500.000. 6. Eit prosjekt skal ikkje gjevast støtte over lengre tid enn 3 år. 7. Inga næring skal ekskluderast frå å søke på midlar frå næringsfondet. Kvar enkelt søknad skal vere grunnlag i seg sjølv for tildeling eller avslag.
8. Tiltak som har kommunal medfinansiering som krav for å utløyse andre eksterne støtteordningar, vil kunne få støtte frå Kraftfondet etter individuell vurdering. Dette forutset at søknaden elles er i tråd med rettleiaren og vilkåra i fondet, og blir vurdert opp mot sysselsetjing og vekstpotensiale i tiltaket.
9. Prosjekt der to eller fleire uavhengige verksemder i Volda kommune samarbeider om eit felles tiltak, og der resultatet kjem fleire aktørar til gode, kan prioriterast særskilt. Slike tiltak kan vurderast for høgare støttesats (inntil 75 %) dersom dei òg har positiv sysselsetjingseffekt og elles kvalifiserer til støtte i tråd med rettleiaren.
10. Søkarar skal ha dialog med HoppID-kontoret før søknad blir innsendt.
11. Det kan ikkje gjevast tilskot som kan verke konkurransevridande i høve allereie etablerte verksemder i Volda kommune.
12. Der det er naudsynt med nokon form for autorisasjon eller liknande blir det ikkje gjeve støtte før slik ligg føre. Ved etablering av handverkverksemder skal søkar ha nødvendig fagbrev.
Avgrensing
Det vil i hovedsak ikkje bli gitt støtte til:
- Rullande materiell (bil og tilhengar)
- Bygningar (her unntatt produksjonsanlegg), Det kan gjevast tilskot til oppgradering av lokale etter individuell vurdering.
Det vert ikkje løyvd midlar til tidlegare støtta tiltak før det har gått 5 år frå første gong det vart gjeve støtte til tiltaket. Dette hindrar ikkje at eventuelle nye eigarar kan søkje støtte til supplerande investeringar eller bedriftsutviklingstiltak.
Vidare i tilfelle sal/nedlegging:
- Dersom verksemda blir selt eller nedlagt i løpet av 2 år frå tilsegn om støtte vert gjeve, skal fondsstyret (formannskapet) kunne krevje attendebetalt høvesvis del av innvilga tilskot etter nærare vurdering.
Vilkår for utbetaling
De må be om utbetaling innan prosjektperioden/tilsegnstida er over. I spesielle høve kan det innvilgast forlenging av tilsegna i inntil eitt år. Søknad om forlenging må ligge føre innan 3 mndr. før tilsegna går ut.
Tilskotsmidlane skal i hovudsak utbetalast etterskotsvis. Er det nødvendig for at prosjektet skal komme i gang, kan inntil 15% av tilskotet utbetalast ved oppstarten av tiltaket.
Tildelt støtte blir utbetalt mot dokumentasjon på påløpte kostnadar.
For tilskot over kr 100.000 må dokumentasjonen vere eit attestert rekneskap eller ein revisorattest. Dersom verksemda ikkje er revisjonspliktig, skal rekneskapen godkjennast av autorisert rekneskapsførar.
For tilskot på 100 000 kroner eller mindre er det tilstrekkeleg med annan dokumentasjon på kostnadene.
Saman med oppmoding om utbetaling skal det i tillegg til rekneskap/dokumentasjon på kostnader ligge føre ein sluttrapport som gjer greie for i kva grad resultatmåla er nådd. Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, kan kommunen trekke tilbake tilsegna eller redusere støtta.
Forholdet til forpliktingar på statsstøtteområdet
Bruken av fondet må vere i samsvar med dei internasjonale regelverk Norge har slutta seg til på statsstøtteområdet.
Tilskot frå kraftfondet blir rekna som bagatellmessig støtte etter EØS-regelverket. Ei verksemd kan motta maksimalt 300.000 euro bagatellmessig støtte over ei rullerande treårs periode. Det er verksemda sitt ansvar å oppgje tidlegare bagatellmessig støtte i søknaden. Summen for bagatellmessig støtte blir korrigert i samsvar med endringane i dei internasjonale forpliktingane.
Konfidensialitet
Alle brev og søknader til kommunen (saksdokument) er etter Offentleglova opne for innsyn. Kommunen vil vurdere evt. unntak frå dette i samsvar med reglane i kap. 3 i nemnde lov i kvart einskild tilfelle (sjå Lov om rett og innsyn i dokument i offentleg verksemd av 19.05.06)
Aksept
Tilsegn er ikkje gyldig før vilkåra i rettleiaren er akseptert.
Send melding om aksept av vilkår til kommunen via eDialog innan tre veker etter at de har fått tilsagnsbrevet.
Retningslinjer for tildeling av tilskot frå Kraftfondet (PDF, 428 kB)
Rettleiing og vilkår for tilskot frå Kraftfondet (PDF, 431 kB)