Journal over plantevernmiddel

Journal over plantevernmiddel

I del 2 av søknaden (søknadsfrist 15. oktober) om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket skal du svare på om du har journal over plantevernmiddel som blei nytta i vekstsesongen. Om du ikkje har det, blir du spurt om du har brukt plantevernmidlar. Alle føretak som nyttar plantevernmiddel skal ha journal over plantevernmiddel som nyttast.

Journalen skal innehalde opplysningar om :

  • Namn på plantevernmiddelet
  • Tidspunkt for behandling
  • Dose
  • Området og veksten som er behandla

Har det vore nytta plantevernmiddel og føretaket ikkje har ein slik journal eller journalen er mangelfull, vil tilskotet avkortast(reduserast). Dette gjeld også dersom føretaket ikkje kan leggje fram journalar for dei siste tre åra.

Meir informasjon:

Kontakt

Emma Marie Høie Kjøde
konsulent
E-post
Mobil 90 70 45 01