Om landbrukskontoret

Om landbrukskontoret

Kyr i Norangsdalen. Landbrukskontoret

Landbrukskontoret har ansvaret for den kommunale landbruksforvaltninga i Ørsta og Volda kommunar. Kontoret er organisatorisk lagt til Ørsta kommune som vertskommune under kommunalområdet Teknisk, eigedom og landbruk. 

Les vårt informasjonsskriv

Vi er førstelinekontakt mot bønder, skogeigarar, grunneigarar og næringsdrivande. Kontoret skal bidra til å gjennomføre den til ei kvar tid gjeldande mat- og landbrukspolitikken som Stortinget vedtek.  

Vi skal hjelpe til med å utvikle eit berekraftig og miljømessig godt drive landbruk. I tillegg til tenester som er knytt til landbruksnæringa skal vi og ta i vare interesser i høve ålmenta. Gjennom rettleiing, planlegging og sakshandsaming innan jord- og skogbruk er det ei måsetjing at forbrukarane vert sikra trygge matvarer av god kvalitet, produsert på ein forsvarleg måte. 

Overordna mål: Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar. Les meir i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal.

Arealbarometer for Ørsta  Arealbarometer for Volda 

Politiske utval – for saker innan landbruk i Ørsta og Volda
Kjerneområde landbruk

Rapportane for kjerneområde landbruk skal synleggjere viktige areal for to av landbruket sine sentrale samfunnsoppgåver; matproduksjon og kulturlandskap.  

Kommunane vil gjennom fagrapport kjerneområde landbruk, peike på areal som er særleg godt eigna for matproduksjon og verdifulle som kulturlandskap. Formålet er å syne desse viktige areala.  

Fagrapportar heimlar ikkje vern eller freding av areal.  

Rapportane legg ikkje band på noko areal og er ikkje juridisk bindande, men er nyttig verkty i arbeidet med planar og sakshandsaming i kommunane.  

Rapport for Ørsta kommune
Rapport for Volda kommune

Kontakt

Liv Bente Viddal
tenesteleiar
E-post
Mobil 90 70 40 08
Børild Skåra
rådgjevar
E-post
Mobil 90 69 92 40
Jan Endre Nesdal
rådgjevar
E-post
Mobil 90 25 58 15
Oddhild Kalvatn
konsulent
E-post
Mobil 90 72 34 53
Emma Marie Høie Kjøde
konsulent
E-post
Mobil 90 70 45 01
Peder Magnussen
skogbruksansvarleg
E-post
Mobil 45 28 26 80