AasenkvartaletPå denne sida har vi samla relevante dokument og tidlegare saker som viser bakgrunnen for prosjektet og utviklinga av Aasenkvartalet over tid. Faktaboks om Aasenkvartalet og Volda Utviking ASArbeidet med Aasenkvartalet har vore demokratisk forankraEtableringa av Volda Utvikling AS vart vedteken av kommunestyret med breitt politisk fleirtal.Formannskapet vart oppnemnt som generalforsamling og eigarrepresentant for selskapet.Sidan etableringa har det vore 4-6 eigarmøte og generalforsamlingar årleg der eigaren har fått løpande orientering om status, økonomi og viktige avgjerder.Alle vedtak i generalforsamlinga har med eit unntak 21.01.2021 vore samrøystes sidan oppstarten.Alt arbeid i selskapet har skjedd innanfor mandat og organisering vedteke av eigaren.Det er vist tiltru til prosjektet ved at Sparebankstiftinga har løyvd 15 millionar, Sparebank 1 SMN 5 mill og Sparebanken Møre 1 million til kultur- og konferansescene i samband med hotell i Aasenkvartalet. Ingen kritikkverdige forhold er avdektMøre-Nytt si dekning kan gi inntrykk av at kontrollutvalet har avdekt alvorlege forhold ved Volda Utvikling AS.Kontrollutvalet har offentleg stadfesta at kontrollutvalet ikkje har avdekt kritikkverdige forhold ved selskapet.Kontrollutvalet hadde i 2022 to merknader knytta til etableringsfasen av selskapet:Ei mindre formell korrigering var ikkje meldt til Føretaksregisteret.Ein signatur mangla på ein generalforsamlingsprotokoll.Begge forhold vart retta opp umiddelbart.Det er etter kommunen si vurdering ikkje grunnlag for å omtale desse forholda som alvorlege eller forretningskritiske.Det er framsett påstandar om at «takka vere Kontrollutvalet har selskapet etter kvart etablert seg med vedtekter, vedtektfesta val, rekneskap, revisjon og generalforsamlingsprotokoll». Dette er ikkje korrekt. Dette har vore på plass frå oppstarten då det ikkje mogleg å etablere eit aksjeselskap i Norge utan at desse forholda er på plass. Så dette fell på si eiga urimelegheit. Arbeidande styremedlemmar - den mest kostnadseffektive løysinga for Volda kommuneOmtalen av honorar til dei arbeidande styremedlemmene manglar nødvendig kontekst. Det er ikkje snakk om passive styrehonorar, men betaling for operativt arbeid innan eigedomsutvikling, finansiering, forhandlingar, prosjektutvikling og prosjektleiing på vegne av selskapetArbeidet er utført på oppdrag frå eigaren Tre arbeidande styremedlemmene har motteke til saman om lag 4,2 millionar kroner i brutto honorar over fem år. Dette tilsvarar om lag 840.000 kroner per år samla, eller om lag 280.000 kroner per person per år.Styremedlemmene har sjølve dekt kostnader til arbeidsgivaravgift, kontorhald, pensjon, forsikringar, administrasjon og øvrige driftskostnader så dette kan ikkje samanliknast med ordinær lønnsutbetaling.Alternativet ville vore å etablere ein administrasjon og tilsette dagleg leiar i fast stilling, noko som etter kommunen si vurdering ville gitt høgare kostnader. Aasenkvartalet er ikkje verdt 65 millionMøre-Nytt har klart å skape eit inntrykk blant lesarane om at Volda kommune si økonomisk eksponering i Aasenkvartalet er 65 millionar. Dette er langt frå sanninga65 million inkluderer verdien på areal som verken Volda kommune eller Volda Utvikling AS eig i dag. Talet representerer derfor ikkje verdien av eigedomane Volda Utvikling AS faktisk eig. Siste takst tilseier ein verdi på om lag 21 millionar kroner for eigedomane som er eigde av Volda Utvikling AS. Ei korrekt vurdering av risiko og verdi må byggje på eigedomar som faktisk er eigde. Urimeleg personifisering av sakaGeneralforsamlinga reagerer på at omtalen over tid har vore retta mot enkelte arbeidande styremedlemmar gjennom gjenteken bruk av namn, bilde og omtale av honorar. «Over 5 mill. gjekk til styremedlemmer og deira selskap». Dette er ei formulering som for mange lesarar umiddelbart kan gi assosiasjonar til:eigenvinninginteressekonfliktarmisbruk av offentlege midlarDei faktiske forholda er at:generalforsamlinga (formannskapet) har fatta alle vedtak inkludert modell, styring og prioritering dei arbeidande styremedlemmane er kun engasjerte for å utføre oppdrag på vegne av selskapet.oppdraga har vore kjendestyremedlemmane har fungert som arbeidande styremedlemmer/prosjektutviklararhonorar og oppdrag har vore behandla og godkjende av eigareningen revisjon eller kontrollrapport har konkludert med nokon form for misleghald Volda Utvikling AS er sjølvfinansierande og har ikkje belasta driftsbudsjettet til Volda kommuneVUAS er sjølvfinansierande gjennom kassekreditt i bank og har dermed ikkje belasta kommunen sitt driftsbudsjett utover ei overføring på kr 300.000 ved oppstart. Openheit må balanserast mot kommunen sitt økonomiske ansvarVolda kommune og Volda Utvikling AS støttar openheit og innsyn.Kommunen har samstundes eit ansvar for å verne om fellesskapet sine økonomiske interesser.Volda Utvikling AS opererer i ein marknad med private og kommersielle aktørar.Timelister, avtalar, forhandlingar og andre kommersielle dokument inneheld informasjon som kan påverke verdiar, forhandlingar og konkurranseforhold.Offentleggjering av slik informasjon kan svekkje selskapet si stilling og redusere verdiane som tilhøyrer innbyggjarane i Volda.Kommunen meiner det ville vere uansvarleg å offentleggjere informasjon som kan påføre fellesskapet økonomisk tap. Aasenkvartalet – arkivsaker og dokumentArkivsak 2019/10273 Volda kunnskapspark Arkivsak 2020/2519 Strategisk eigedomsutvikling - Volda kunnskapspark - Volda Utvikling AS Arkivsak 2022/37 Detaljregulering for Aasenkvartalet gnr 19 bnr 1029, 629, 752, 29 m.fl. Volda utvikling sin presentasjon av Aasenkvartalet for kommunestyret 26.09.2024Tidlegare artiklar:
22.10.26 – PRESSEMELDING frå Volda formannskap Formannskapet i Volda kommune gjorde 20. oktober 2026 eit vedtak om arbeidet i Volda Utvikling AS og godtgjersla til styremedlemmene. Publisert 22.10.2026 kl. 13:40
PRESSEMELDING 22.10.26 – Ekstraordinær generalforsamling i Volda Utvikling AS Generalforsamlinga i Volda Utvikling AS har sendt ut pressemelding om vurderingane og vedtaka frå den ekstraordinære generalforsamlinga 20. oktober 20... Publisert 22.10.2026 kl. 12:59
Aasenkvartalet – tomteverdi og tap? Det er behov for ei nyansering av fakta kring eigarskap og tomteverdi på høgskuleområdet, i det området som er kalla Aasenkvartalet. Samt om dette er ... Publisert 14.10.2026 kl. 16:27
Aasenkvartalet – bakgrunn, prosess og status Kommunestyret fekk i siste møte ei orientering frå styret i Volda Utvikling AS om status for arbeidet med Aasenkvartalet. Kommunestyret stilte spørsmå... Publisert 06.10.2026 kl. 16:28
Fire spørsmål og svar om Aasenkvartalet Ordførar Sølvi Dimmen svarar på fire spørsmål om Aasenkvartalet. Publisert 18.11.2025 kl. 20:12
Ope møte om detaljregulering for Aasenkvartalet Tysdag 18. november kl. 19.00 er det ope informasjonsmøtet om regulering av Aasenkvartalet. Møtet skal vere på kinosalen. Publisert 17.11.2025 kl. 10:29
Offentleg ettersyn – Detaljregulering for Aasenkvartalet Offentleg ettersyn - Detaljregulering for Aasenkvartalet gbr. 19/1029, 19/629, 19/752, 19/29 m.fl Publisert 10.11.2025 kl. 14:51
Kva er Aasenkvartalet? Feil fakta publisert i det siste gjer det nødvendig å korrigere. Publisert 17.06.2025 kl. 15:32
Kronikk om Aasenkvartalet Ordførar Sølvi Dimmen har skrive kronikk om Aasenkvartalet. Les skrivet hennar her og sjå presentasjon om Aasenkvartalet som forklarar kva som er plan... Publisert 03.04.2025 kl. 21:33
SpareBank 1 SMN gir 5 millionar kroner til kultur- og konferansescene i Aasenkvartalet i Volda SpareBank 1 SMN bidrar med 5 millionar kroner til å realisere ei kultur- og konferansescene i Aasenkvartalet i Volda. Publisert 28.03.2025 kl. 14:28