Veteranarbeid i kommunen

Veteranstatuen utanfor Ulstein kyrkje. - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

Kven er veteranar?

Ein veteran er ein person som på vegne av den norske stat har delteke i ein fredsbevarande, fredsopprettande eller statsbyggande innsats i andre land, frå utanriks-, justis- og forsvarssektoren. Veteranar kan vere både militært og sivilt personell.

Sidan 1947 har om lag 100 000 nordmenn tenestegjort for Forsvaret i internasjonale operasjonar. Desse oppdraga har vore del av rundt 100 operasjonar på fire kontinent.

Frå FN-operasjonen i Libanon starta i 1978, har meir enn 40 000 nordmenn gjort ein innsats for fred på vegner av Noreg og det internasjonale samfunnet.

Veteranplan

Kommunane på Søre Sunnmøre har laga ein felles veteranplan som fokuserer på oppfølging av veteranar og deira familiar, i tillegg til å gje heider og anerkjenning til alle veteranar.

Veteranplan

Veterankontakt

Den einskilde ordførar er veterankontakt i si kommune. Guttorm Hagen er felles veterankontakt for alle kommunane.

Veterankontakt er ein ressurs med kjennskap til planverk og kommunane sine tilbod, og er eit viktig kontaktpunkt til veteranar og deira familiar. Veterankontakt er også bindeledd mellom kommunane og andre samarbeidspartar som Norges veteranforbund for internasjonale operasjonar (NVIO).

Veterankontakt kan ha ansvar for koordinering ved arrangement i kommunal regi. 

Forsvaret si veteranteneste (FVT)

Forsvarets opne dør for veteranar og veteranfamiliar er der for deg. Både veteranar og veteranfamiliar er velkomne til å sende e-post til veteraner@mil.no eller ringe 800 85 000 – uavhengig av når og kvar tenesta var.

Her møter du eit tverrfagleg team med både militært og sivilt tilsette. Teamet har lang erfaring med å gi råd og rettleiing til veteranar og familiane deira. Dei fleste er også sjølve veteranar frå internasjonale operasjonar.

Nyttige kommunale tenester

  • Legehjelp
  • Kriseleiing og psykososialt kriseteam
  • Psykisk helse og rus
  • Koordinering og individuell plan
  • PPT - Pedagogisk-psykologisk teneste
  • Nav og sosiale tenester - https://www.nav.no/veteran 

Nyttige nasjonale lenkjer

Råd og tips til veteranarbeidet i kommunen