Influensavaksine

Influensavaksine

For nokre kan influensa gje alvorlege komplikasjonar. Helsegevinsten kan vere stor om du vaksinerer deg. Personar i risikogruppene bør ta vaksine mot influensa årleg.

Sesongvaksinering hausten 2024

Kvifor ta vaksine? 
Årlege vaksiner er det beste verkemiddelet for å førebygge alvorleg sjukdom og komplikasjonar frå influensa- eller koronainfeksjon. Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa eller korona, men enkelte grupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. I Noreg er nær 1,6 millionar barn og vaksne i ei slik risikogruppe. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg. Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Ved alvorlege komplikasjonar av influensa eller korona er det nødvendig med innlegging på sjukehus. Personar med hjarte- og karsjukdom er meir utsette for hjarteinfarkt, hjerneslag og død i influensasesongen enn elles i året. Alvorleg influensasjukdom kan føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personar av influensa årleg. Difor er det viktig å vaksinere seg kvart år slik at ein er beskytta. 

Her kan du lese meir om dei to vaksinane:
Koronavaksine - FHI
Vaksineanbefalinger influensasesongen 2024-2025 - FHI 

Samvaksinering
Som i fjor tilbyr vi begge vaksinane samtidig, ei i kvar arm, etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet. Dette gjer at ein slepp to turar for vaksinering, og det fungerer like godt og er like trygt som å ta ei i gongen. Om ein ikkje vil ta begge, må ein vente ei veke mellom kvar dose, noko som kan medføre praktiske utfordringar med kvar å få tatt den andre vaksina. 

Når er det vaksinering? 
Det blir sesongvaksinering med influensa- og koronavaksinar i veke 43. Vaksineringa vil vere på Uppheim i Volda sentrum. 


VAKSINETIDENE PÅ UPPHEIM

Tysdag 22. oktober kl. 10-17. Personar med etternamn A-O

Onsdag 23.oktober kl. 10-17. Personar med etternamn P-Å 

Oppsamlingsdag fredag 25. oktober kl. 10-14. 

Koronavaksina er gratis. Influensavaksina kostar 200 kroner.  Vi ber om at alle som kan betalar med bankkort.  

Sjukeheimsbebuarar og bebuarar i bemanna omsorgsbustader, får tilbod om vaksinering der.  Ansatte i oppvekstsektoren har og moglegheit til å ta influensavaksine i år. Føresette til barn, og gravide kan ta kontakt med helsestasjonen for timeavtale ved behov. Influensavaksine kan også takast på apoteket frå 1. oktober. 


Hornindal tilbyr influensa- og koronvaksinering på Hornindal legesenter:

Torsdag 24.10 kl. 09.30 - 11.30 : Alle med etternamn som startar på A-D
Torsdag 24.10 kl. 13.15 - 15.00 : Alle med etternamn som startar på E- J
Onsdag 30.10 kl. 09.30 - 11.30 : Alle med etternamn som startar på K-N
Onsdag 30.10 kl. 13.15 - 15.00 : Alle med etternamn som startar på O-R
Torsdag 31.10 kl. 13.15 - 15.00 : Alle med etternamn som startar på S-Å


Kven bør ta influensavaksine og/eller koronavaksine i haust? 

For influensavaksine gjeld det

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Prematurt fødde barn. Særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Vaksne og barn med:
  •  diabetes, type 1 og 2
  • kronisk luftvegssjukdom (inkludert astma)
  • kronisk hjarte- og karsjukdom
  • kronisk leversvikt
  • kronisk nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • nedsett infeksjonsforsvar
  • svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
  • annan alvorleg eller kronisk sjukdom
  • I tillegg er vaksina anbefalt for
    • helsepersonell
    • personar som bur saman med nokon med nedsett immunforsvar
    • svinerøktarar
    • saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta


For koronavaksina er det anbefalt å vaksinere seg om ein er i denne gruppa

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • barn 6 månader-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnet sin lege vurderer det som viktig
  • gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast om den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko


Vel møtt til sesongvaksineringa på Uppheim!
 

Korleis kan ein få vaksine?

Du kan få vaksine hos fastlegen eller på apoteka. Volda kommune brukar å tilby fellesvaksinering på hausten. 

Kven bør vaksinere seg?

Influensavaksine vert anbefalt til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)

Prematurt fødde barn. Særlig barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år

Barn og vaksne med:
• diabetes, type 1 og 2
• kronisk luftvegssjukdom (inkludert astma)
• kronisk hjarte- og karsjukdom
• kronisk leversvikt
• kronisk nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• nedsett infeksjonsforsvar
• svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
• annan alvorleg eller kronisk sjukdom

I tillegg er vaksina anbefalt for:

  • helsepersonell
  • personar som bur saman med nokon som pga medisinar har nedsatt immunforsvar
  • svinerøktarar
  • saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.

Vaksina må tilpassast dei aktuelle virusstammene kvart år. Derfor råder ein til at personar i risikogruppene tek vaksina årleg.

Kontakt:

Hornindal legekontor på telefon 57 87 98 70

Volda Legesenter sentralbord tlf. 70 05 89 00

Volda helsestasjon, telefon: 70 05 88 20

Kontakt

Sentralbord Helsestasjon
Telefon 70 05 88 20