Kven kan få ITO?
I opplæringslova står det at «Dei som treng førebuande opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, har rett til førebuande opplæring for vaksne. Søkjarar har mellom anna rett til førebuande opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Når det skal vurderast om ein søkjar treng førebuande opplæring, skal det takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner.» (§ 18-2)
I tillegg står det at «Opplæringa skal byggje på den kompetansen deltakarane allereie har, og skal leggjast opp slik at deltakarane så raskt som mogleg kan oppnå relevant kompetanse for arbeid eller vidare utdanning.»
Vidare står det i § 11-2 at «Skolen skal vurdere om tiltaka er nok til å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om eleven kan trenge individuell tilrettelegging etter reglane i §§ 11-4, 11-5 og 11-6.»
Jmf. Opplæringslova.
Individuell tilrettelegging inneber til dømes opplæring i lese-, skrive-, rekne- og digitale ferdigheiter, kommunikasjonsferdigheiter, opplæring i ulike hjelpemiddel, ADL-trening og ASK (alternativ supplerande kommunikasjon). Opplæringsmåla vert i stor grad henta frå læreplanane til FOV (førebuande opplæring for vaksne) i faga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og/eller grunnmodul (Læreplanar FOV).
Før skulen gir tilbod om ITO skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering.
I Volda kommune er spesialundervisning for vaksne organisert av Volda læringssenter.