Vaksenvaksinasjon
I Volda kommune tilbyr vi vaksiner i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Per d.d. tilbyr vi influensavaksine i influensasesongen, koronavaksine, pneumokokkvaksine til dei fødd i 1960 i 2025, 1960/1961 i 2026. Ein kan lese om alle dei ulike vaksinene på Voksenvaksinasjonsprogrammet - Helsenorge. Her står det kven som får tilbod om kva vaksiner, ut ifrå risikogruppe, alder og anna. Ved å vaksinere seg kan ein førebygge alvorleg sjukdom hjå seg sjølv og andre. OBS – ein er anbefalt pneumokokkvaksine også når ein er over 65 år eller i anna risikogruppe. Alle som ikkje får gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet, kan få resept og vaksina på Volda legekontor.
I tillegg tilbyr vi oppfriskingsdose av vaksine mot stivkrampe, kikhoste, difteri og polio. Denne har dei fleste fått som barn, men er anbefalt å ta påfyll kvart 10. år då effekta går ut. Ved å ta denne vaksina sørgjer ein for flokkimmunitet i befolkinga. Nokre kan også ha behov for MMR-vaksine, men dei fleste i Noreg har to doser av denne eller naturleg immunitet etter gjennomgått sjukdom. Les meir om vaksinane på Voksne trenger oppfriskningsvaksine hvert tiende år - Helsenorge.
Prisar vaksenvaksinasjon per november 2025:
- Influensavaksine 300 kr
- Pneumokokkvaksine 110 kr (85 kr om ein tek ei anna vaksine samtidig)
- Koronavaksine 110 kr (85 kr om ein tek ei anna vaksine samtidig)
- Stivkrampe, kikhoste, difteri og polio-vaksine 500 kr
Prisen kan endrast i tråd med prisanbefalingar frå FHI. Prisen inkluderar innkjøpspris på vaksina, utstyr og konsultasjonsavgift.
Planlegg timen din på Pridok booking (du finn tilgjengeleg timar der)
Ver vennleg å skrive kva vaksiner du ynskjer. Ved å bestille time samtykkar du til at vi kan ta eit søk på kva vaksiner du har fått, for å sikre at du treng vaksina. Ved spørsmål, ring oss på 70 05 88 20.