Pris for plass i SFO frå 01.01.2026
Der det er eit særleg behov for utvida opningstid grunna ferjetider, kan slikt tilbod bli gitt. Ekstra tid utover opningstida vert fakturert pr. barn.
Dersom for sein henting fører til ekstra personalkostnader, må dei føresette vere budde på å bere desse kostnadene.
Generell informasjon om SFO finn ein her (udir.no).
Gratis kjernetid i SFO for alle elevar på 1., 2. og 3. årstrinn
Alle elevar på 1. , 2., og 3 årstrinn med plass i SFO, får 12 timar gratis SFO per veke.
Gratis kjernetid er uavhengig av plasstype.
SFO frå skuleåret 2026/2027
Vedtektene for dei kommunale skulefritidsordningane i Volda kommune er endra frå 01.08.2026.
Dette inneber at det vert endring i plasstypane. Frå 01.08.2026 er dette plasstypane og prisane som gjeld:
Tilbodet om 12 t/v for 1.-3. klasse og 4. klasse, vert gitt kvar dag etter skuletid. Den enkelte skule avgjer tidsrommet for dette tilbodet.
Mattilbodet varierer noko mellom skulefritidsordningane, Ordningane med enklare mattilbod, har lavare kostpengar enn det som er oppgitt ovanfor. Dette gjeld Bratteberg, Hornindal og Øyra pr i dag.
Moderasjon i SFO
Moderasjonsordningar
- Syskenmoderasjon (gjeld ut skuleåret 2025/2026)
- Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt 1. - 4. trinn
- 12 timar gratis SFO for elevar på 1., 2. og 3. trinn
- Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7. trinn
Syskenmoderasjon (gjeld ut skuleåret 2025/2026)
Syskenmoderasjon gjeld for plass i SFO innanfor Volda kommune.
Syskenmoderasjon vert gitt etter følgjande fordeling:
- for barn nummer to: 30 %
- for barn nummer tre: 50 %
Det vert ikkje gitt syskenmoderasjon mellom barnehage og SFO.
Frå 01.08.2026 vert det ikkje gitt syskenmoderasjon i SFO.
Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt
Ingen hushald betale meir enn 6 % av inntekta si for ein SFO plass for barn på 1.-4. trinn.
Ein kan søke heile året. Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.
Føresette må sende ny søknad via Vigilo foreldreportal for kvart skuleår, med ny dokumentasjon for inntekt.
Redusert foreldrebetaling gjeld berre opphald. Matpengar kjem i tillegg.
Søknad om redusert foreldrebetaling, skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i.
Gratis kjernetid for elevar på 1., 2. og 3.trinn med plass i SFO
Alle elevar på 1., 2. og 3. trinn med plass i SFO, får 12 timar gratis SFO per veke.
Informasjon om endringa finn ein her: Moderasjonsordningar i SFO
Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7 trinn
Krav til dokumentasjon
Ved søknad om redusert foreldrebetaling, henter vi automatisk hushaldninga si inntekt frå Skatteetaten.
Dersom hushaldninga har hatt varig nedgang i inntekt, må de legge fram anna gyldig dokumentasjon som t.d.:
- Vedtak frå NAV
- Dokumentasjon frå arbeidsgivar som viser vesentlig endring i lønn
- Siste lønnsslipp
NB! Det er viktig at all skattbar inntekt er med. Søknaden vert ikkje handsama før dokumentasjon på lønn/inntekt ligg føre.
Handsaming
Søknad sendast inn via Vigilo foreldreportal.
For søknadar sendt innan 31.07, vil vedtaket gjelde for eit skuleår. Søknadar som kjem etter 01.08 vert handsama fortløpande, med vedtak som gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet. Dokumentasjon må då vere levert i lag med søknaden. Søknad utan dokumentasjon vert ikkje handsama.