Avlastningsheimar til born og unge med spesielle behov

Vi treng avlastingsheimar! Er du/dykk ein familie som har lyst og tid til å vere saman med eit barn eller ein ungdom med spesielle behov?

Formålet med avlastinga er at foreldre skal få eit pusterom i kvardagen.

  • Oppdraget er på 2 døgn/ei helg pr. mnd. Fordelinga av tida kan nyttast fleksibelt og vert å avtale med familien i samarbeid med oppdragsgjevar.

  • Både einslege og par med ein stabil livssituasjon kan være avlastar. 

  • Du/dykk kan gjerne ha eigne barn og kombinere dette med eige familieliv.

  • Krav om levering av politiattest.

  • Løn etter gjeldande satsar samt fast utgiftsdekning pr. døgn.

  • Praktiske tilhøve som t.d. eige soverom til barnet kan vere av betyding.

  • Rettleiing og oppfølging etter behov.

Er du/dykk interessert? 

Kontakt Kristin Kile på tlf. 70054005 (tys-ons-torsdag) for meir informasjon eller send ein e-post til: inger.kristin.kile@volda.kommune.no.