Fellesnemnda for nye Volda kommune

Fellesnemnda for nye Volda kommune

Fellesnemnda - Klikk for stort bileteFellesnemnda frå 4. april 2019. Joakim Rødven Fellesnemnda for nye Volda kommune fungerte som eit førebels kommunestyre i samanslåinga.

Dåverande ordførarar Stig Olav Lødemel, Hornindal, og Jørgen Amdam, Volda, signerte ein intensjonsavtale 20. juni 2016 om at dei to kommunane skulle slå seg saman frå 01.01.2020.

I etterkant av dette, vart det oppretta ei mellombels fellesnemnd for den nye kommunen 16. november same år.

Fellesnemnda hadde følgjande samansetning:

Fellesnemnda for nye Volda kommune
NamnPosisjonKommune
Stig Olav LødemelLeiarHornindal
Jørgen AmdamNestleiarVolda
Randi LangloMedlemHornindal
Eldar EngelundMedlemHornindal
Rasmus Kirkhorn (t.o.m. 20.06.2017)MedlemHornindal
Bente Tryggestad (f.o.m. 20.06.2017)MedlemHornindal
Brynhild Lund NotøyMedlemHornindal
Fride Schjølberg Sortehaug (t.om. 01.05.2018)MedlemVolda
Sølvi Dimmen (f.o.m 01.05.2018)MedlemVolda
Odd Harald SundalMedlemVolda
Margrete BjerkvikMedlemVolda
Odd Arne FolkestadMedlemVolda

Endeleg fellesnemnd

Nøyaktig eitt år etter signeringa av intensjonsavtalen, 20. juni 2017, konstituerte Fellesnemnda seg offisielt som ei følgje av Stortingsvedtaket om ny kommunestruktur nokre dagar tidlegare. 

Politikarane vart samde om at møta skulle leggjast til Hornindal og Volda annankvar gong.

Fellesnemnda fungerte i perioden fram til kommunevalet hausten 2019 som fungerande kommunestyret i samanslåingsprosessen.

I alt vart det heldt 28 møter i Fellesnemnda. Av desse var 6 møter i den mellombelse fellesnemnda og 22 i den endelege fellesnemnda.

Fellesnemnda hadde sitt aller siste møte 17. oktober 2019, nøyaktig éi veke før det konstituerande møtet til det nye kommunestyret.

Protokollar