Sektor for samfunnsutvikling er organisert med seks avdelingar med om lag 120 årsverk.
Ansvarsområdet til sektoren er stort og har ei nøkkelrolle med omsyn i å utløyse auka verdiskaping i kommunen på fleire felt.
Liste med kontaktinformasjon finn du heilt nede på denne sida.
Sektoren ønskjer å følgje opp visjonen «Der teknologi og tradisjon møtest» ved å vere ein god tilretteleggjar for lokalsamfunnet
Arbeidet med kommunereform og strukturendringar, små som store, har lagt grunnlaget for ein organisasjon som er «sydd» saman på ein god måte» for å møte innbyggarane sine behov framover.
Likefullt vil det vere naudsynt å vere dynamiske og ha endringskultur i organisasjonen slik at ein når dei krav og målsetjingar som vert satt av kommunestyret til ei kvar tid.
Viktige telefonnummer
Sektor for samfunnsutvikling har avdelingar knytt til Brann, veg og park, vatn og avløp, eigedom og utvikling (byggesak, planlegging, kart og oppmåling).
Brann og redning
- Nødnummer ved brann og ulykker: 110
- Servicetelefon til Møre og Romsdal 110 sentral: 70 11 99 99
- Brannvakt i Volda tlf: 911 52 110
Teknisk vakt
- Teknisk vakt gjeld områda for veg, vatn , avløp og kaier/hamner i Volda kommune.
- Teknisk vakt i Volda kommune kan nåast på telefon 901 78 008
Eigedom
Avdelingar i kommunen
- Akutte hendingar kontakt byggvakt på 909 34 021.
- Andre generelle henvendingar og melding om avvik tek ein gjennom www.FamacWeb.no.
Innbyggarar
Andre førespurnadar
Sektoren har fast kontorstad på Volda rådhus og ein gjer avtale ved å ringe:
Sentralbordet på +47 70 05 87 00
I ei periode framover vil ein og ha kontordagar på Grodås måndag, onsdag og fredagar. Du finn oss på Smia og avtale gjer ein ved å ringe sentralbordet på +47 70 05 87 00
Her finn du andre viktige telefonnummer i Volda kommune. Om du leitar etter ein konkret person, kan du også søkje etter tilsette i kommunen.
Generell informasjon om sektor for samfunnsutvikling
Sektoren vert leiar av kommunalsjef Tor Halvar Botnen, mobil 90 05 28 17.
Sektoren har som overordna mål å yte gode tenester med høg kvalitet, god budsjettdisiplin, samhandling og koordinering på tvers av sektorar og avdelingar for å nå dei mål og rammer som er satt av kommunestyret og administrativ leiing.
Vi skal best mogleg sikre likeverdige tenester til innbyggarane og legge til rette for heilskapleg og samordna samfunnsutvikling.
Vi må gjennom verksemda vår vise handling knytt til økonomi, bærekraft, miljø og stimulere til at arbeidsplassen er utviklande og attraktiv for dei tilsette.
Avdelingar og ansvarsområde
Her er ei kort utgreiing av kva ansvarsområde dei ulike avdelingane i sektoren har, slik at du lett kan finne ut kven som er rett kontaktperson for tenestene vi leverer.
Brann
Avdelingsleiar er Roy Inge Heltne.
Ansvarsområdet omfattar brann og redning og skal følgje opp brannlova §1 sitt formål om å verne liv, helse, miljø og materielle verdiar mot brann og eksplosjon, mot ulykker med farlig stoff og farlig gods og andre akutte ulykker, samt uønska tilsikta hendingar.
Tenester i avdelinga er innsatsstyrke ved brann og ulykker, akutt forureining, tilsyn med særskilte brannobjekt, feiing og tilsyn med fyringsanlegg i bustadar og fritidsbustadar, informasjon og kampanjer om førebyggande brannvern, handsaming av melding om overnatting eller større arrangement, løyve til sal og lagring av pyroteknisk vare, løyve til bålbrenning, melding om sanert oljetank.
Heltne kan kontaktast per telefon: 971 49 658
Eigedomsavdelinga
Avdelingsleiar, Kjell Magne Rindal
Ansvarsområdet har eitt samordna ansvar for ei forsvarleg, fagleg, rasjonell og kostnadseffektiv eigedomsforvaltning.
Forvalting av kommunen sine eigedomar slik skal vere berekraftig og ein skal ivareta brukarane sine behov for gode, raske og tilfredstillande løysingar.
Seksjonsleiar reinhald, Wenche Skjærvik
Seksjonsleiar vedlikehald og utvikling, Tor Vegard
Seksjonsleiar drift, Odd Harald
Frivilligsentralar
Volda kommune har to frivilligsentralar.
Hornindal frivilligsentral med leiar Kristine Sofie Orheim Hansen.
Frivilligsentralen i Volda med leiar Astrid Gjersdal.
Frivilligsentralane driv kvar sine utlånssentralar, BUA
Du finn meir informasjon om dei her.
BUA Hornindal, sjå heimesida: https://www.bua.no/bua-hornindal-selvbetjent/utstyr
BUA Volda, sjå heimesida: https://www.bua.no/utlansordninger/bua-volda
Frivilligsentralane i Volda kommune har kvar sin bakgrunn og kvar sitt arbeidsfelt
Frivilligsentralen i Volda driv få eigne aktivitetar, men har eit stort kontakt-og samarbeidsnett. Volda kommune sitt rike organisasjonsliv treng mange frivillige, og det er ei av oppgåvene til frivilligsentralen å bistå deg med å finne den plassen du ynskjer i dette mangfaldet, anten du vil bidra praktisk eller sosialt. Etter endt arbeidsliv kan det å dele erfaring og kunnskap vere eit gode både for ein sjølv og andre. Laurdagstiltaket vårt på Volda folkebibliotek, Lån ein volding, er eit slikt høve. Her kan du bistå med trening i norsk språk og deling av lokalkunnskap for nye voldingar med annan kulturbakgrunn.
Hornindal frivilligsentral driv eit breidt spekter av aktivitetar for alle aldrar, både i eigen regi og i samarbeid med andre. Desse aktivitetane er avhengige av frivillige, og vi har alltid behov for fleire hender. Her kan du bidra med for eksempel matombringing, servering på seniortreff, underhaldning, besøksven, vakt på ungdomsklubben, reparasjon av tur-utstyr m.m. Vi kan og hjelpe deg å kome i kontakt med frivillige lag og organisasjonar om du ynskjer det. Tar du kontakt med oss, vil vi i samråd med deg finne noko som passar for deg. Det er viktig for oss at du trivast med det du gjer som frivillig.
Utvikling
Avdelingsleiar er Jørgen Vestgarden.
Ansvarsområdet skal dekkje innbyggjarane sine tenestebehov på ein tilfredsstillande måte innafor tenester knytt til eigedomskattekontor, spelemidlar og idrettsplan, areal-/reguleringsplanlegging, byggje-/ delesakshandsaming, kart/oppmåling, landbruk, oppfølging av ulovleg forureining, overordna kommuneplanlegginga inkl kommunedelplanar, temaplanar, ROS mv, og miljø og klimasaker
Vestgarden kan kontaktast per telefon: 904 70 915
Vatn og avløp
Avdelingsleiar er Lars Fjærvold
Ansvarsområdet vatn og avløp skal dekkje innbyggjarane sine tenestebehov på ein tilfredsstillande måte.
Ein skal gjennomføre arbeid og prosjekt på ein kostnadseffektiv måte som gir innbyggarane/ brukarane gode, sikre, funksjonelle og kostnadseffektive anlegg med omsyn til framtidige drifts- og vedlikehaldskostnader.
Veg og park
Avdelingsleiar er Edvin Løfoll.
Ansvarsområdet skal dekkje innbyggjarane sine tenestebehov på ein tilfredsstillande måte innafor tenester knytt til veg med tilhøyrande infrastruktur inkl. veglys, kyrkje, park, idrettsområde, friområde og leikeplassar, hamn og EKOM (breiband).
Løfoll kan kontaktast per telefon: 918 52 543.