Oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale for Røystun Panorama

Planavgrensing for Røystun panoramaI samsvar med plan- og bygningslova 27. juni 2008 nr. 71 § 17-4 første ledd vert det varsla at Volda kommune ved sektor for samfunnsutvikling, startar opp forhandlingar med grunneigaren/utbyggaren som skal bygge ut reguleringsplan med planid 2021003

Ei utbyggingsavtale er ei frivillig avtale ein utbyggar av ein tomt/område kan inngå med kommunen for å gjennomføre vedtekne arealplanar. Gjennom ei slik avtale med kommunen kan ein utbyggar oppfylle sine rekkefølgjekrav i planen, og med det ha rett til å gjennomføre sitt byggeprosjekt. Utbyggingsavtalar er regulert gjennom plan- og bygningslova.

Ved Røystun Panorama der Husbygg Eigedom AS er utbyggar, vil i hovudsak utbyggingsavtalen omhandle kostnadsfordeling for omlegging og etablering av nye vatn- og avlaupsinstallasjonar.

Ved semje vil framforhandla utbyggingsavtale verte lagt ut til offentleg ettersyn før den vert fremja for politisk behandling.

 

Spørsmål/innspel til forhandlinga kan rettast skriftleg til:

Volda kommune v/Sektor for samfunnsutvikling

E-post: postmottak@volda.kommune.no

Postadresse: Stormyra 2, 6100 Volda

Frist: 31 januar 2022

Merk førespurnaden med saksnummer: 21/805 Detaljregulering for Røystun Panorama

 

Kontaktperson ved spørsmål: Lars Fjærvold, e-post: lars.fjervold@volda.kommune.no