Sølvi Dimmen er ordførar i Volda kommune.
Joakim Rødven
Dimmen er tilsett i 100 prosent stilling som ordførar og har kontor på rådhuset i Volda. I same periode er Sverre Leivdal (Ap) varaordførar.
Ordføraren er den øvste folkevalde tillitspersonen i kommunen, og er møteleiar i kommunestyret.
Som ordførar er Dimmen møteleiar i formannskapet og i kommunestyret, og avgjer kva saker som skal handsamast i desse organa. I tillegg er ordføraren kommunen sin juridiske person (rettslege representant).
Ordføraren har møte- og talerett i alle kommunale styre, nemnder, råd og utval.
E-post: solvi.dimmen@volda.kommune.no
Her kan du følge ordførar Sølvi Dimmen på "Ordføraren si side".