Motorferdsel i utmark

Motorferdsel i utmark

Motorferdsel i utmark og vassdrag er som hovudregel forbode. Når særlege grunnar ligg føre kan kommunen gje løyve til bruk av motorfartøy og luftfartøy. 

Med motorferdsel meinar ein bruk av bil, traktor, motorsykkel, motorbåt, snøscooter og luftfartyg (fly, helikopter).

Det må påvisast eit særleg behov. Behovet må ikkje ha samband med turkøyring og må ikkje kunne dekkast på annan måte. Det må vurderast om transporten samordnast med annan transport i området. Behovet vert vurdert mot mogelege skadar og ulemper ut frå målet om å redusere motorferdselen til eit minimum.

Aktuelle føremål kan vere: - Ervervsmessig transport - Transport av funksjonshemma - Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg, og der det ikkje er mogeleg å få leige transport - Materialtransport i samband med bygging/vedlikehald av bygningar i vanskeleg tilgjengelege område.

Klikk her for å sende inn melding om motorferdsel i utmark.

Klikk her for å komme til søknadsskjema for motorferdsel i utmark.