Drikkevassprøver/Vasskvalitet

Drikkevassprøver/Vasskvalitet

Kommunen har i alt 13 kommunale vassverk av ulik storleik.

Drikkevatn som kommunen leverer skal vere hygienisk trygt, klart og utan lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre helsefare.
Forsyning av drikkevatn er underlagt Drikkevannforskriften som stiller krav til vasskvalitet, godkjenning og drift av vassverka.

Vasskvaliteten vert kontrollert og dokumentert gjennom eit fastlagt prøvetakingsprogram.
Kommunen skal varsle abonnentane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten ved annonsering på heimesida og i lokalavisa.

Vatnet som vert levert av dei kommunale vassverka er behandla med UV-anlegg.
Ved uventa driftsavbrot kan vatnet verte minimumsklora, i samsvar med Mattilsynet sine retningsliner.

Prøvetakingsplan for Volda vassverk 2024 (PDF, 376 kB)


Teknisk vakttelefon: 90 17 80 08

Drikkevassprøver

Her finn du siste gjeldande vassprøver.

Kontakt

Lars Fjærvold
avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 86 38 46