Opphøyr av sanitærabonnementFor å avslutte sanitærabonnementet må du sende inn søknad om opphøyr til Volda kommune. Søknadsskjema skal vere utfylt av ansvarleg søkar. Ansvarleg søkar er røyrleggarfirma eller anna firma med kompetanse på legging og kopling av røyr. Sjå link under for å kome til søknadsskjema. Søknaden skal vere godkjent før arbeidet startar. Privat stikkleidning skal koplast frå i tilknytingspunkt på kommunal hovudleidning. Dersom privat stikkleidning er tilknytt privat fellesleidning, skal leidninga koplast frå i tilknytingspunkt på privat fellesleidning. Ei skisse av planlagt tiltak skal leggast ved.Arbeidet skal utførast av ansvarleg føretak i samsvar med standard abonnementsvilkår, og fråkoplinga skal dokumenterast med bilde og innmåling.Graving på kommunal grunn krever graveløyve og må sendast inn som eige skjema. Klikk her for å kome til søknadsskjema. Publisert 04.12.2023 10:45 Sist endra 01.10.2024 09:38