Veglys/gatelys

Har du oppdaga gatelys/veglys som ikkje virkar?

Dersom du ser feil på gatelys eller at lys i stolpen ikkje virkar, kan du sjølv gi melding om via internett til
BKK Enotek AS  https://www.bkk.no/veilys


Du kan også ringe inn meldinga til telefon 55 12 70 00

BKK Enotek AS har ei kartbasert løysing for feilmelding av veglys via internett der publikum sjølv registrerer melding om feil på veglys . 

Volda kommune har avtale med BKK Enotek AS om drift av eksisterande veglys. 

BKK Enotek AS har ansvar for å skifte ut pærer i armatur. Av kostnadsmessige omsyn vert arbeidet med utskifting gjort samla og det kan føre til at stolpar vert ståande utan lys ei tid.