Oppsøkande sosialt arbeid
Ungteam driv med oppsøkande arbeid i Volda sentrum og vil forsøke å være tilstade på ulike arrangement der ungdom er.
Hovudprinsippet i oppsøkande arbeid er tilgjengelegheit over tid og jamleg tilstadeverelse på ungdomen sin arena, for å skape relasjonar og tryggleik med ungdom.
Ungteam ynskjer å vere tilgjengeleg og komme i posisjon til å tilby hjelp på eit tidleg tidspunkt før problema veks seg større.
Oppfølgingsformer i Ungteam
Ungteam tilbyr individuell oppfølging til ungdom som står i fare for, eller har utvikla eit rusmiddelproblem. Oppfølginga vert tilbydd individuelt og evt. I gruppe der det er bekymring kring eit miljø.
Tilbodet er frivillig og tek utgangspunktet i ungdomen sine eigne ynskjer og mål.
Vi samarbeider med andre instansar og familien når det er ynskjeleg.
Oppfølginga kan bestå av:
- Samtalar
- Biltur
- Aktivitetar
- Rusmestring
- Råd og veiledning
- Samarbeid med andre instansar og familien
Ungdomstida byr på mange endringar både kroppsleg, kjenslemessig, kognitivt og sosialt.
Lausrivingsfasa er ein viktig og ofte utfordrande periode i ungdomen sitt liv. Dette er tida der ungdom vidareutviklar sin identitet og vert meir sjølvstendig.
Ungdom opplever ofte ein miks av kjensler, frå spenning og friheit, til usikkerheit og einsomheit.
Ungteam ynskjer å skape tryggleik til ungdom, meistring og mogelegheit til ein betre kvardag ved å vere tilstade og tilby oppfølging til dei som treng det.
Kontaktinformasjon Ungteam