Valdagen er 8. september 2025
På valdagen kan du berre røyste i den kommunen du var busett i per 30. juni ("folkeregisterført").
Korleis røyster du?
- ta med legitimasjon med bilde
- gå til eit røysteavlukke der alle vallistene ligg
- vel lista du ønsker å røyste på
- brett lista med stempelsida ut slik at ingen ser kva liste du har valt
- vis legitimasjon til ein valfunksjonær
- få setelen stempla av ein valfunksjonær før du legg setelen i ei forsegla valurne
MERK: Nytt ved årets stortingsval er at du ikkje kan gjere endringar på røystesetelen.