Desse har stemmerett under kommunestyre- og fylkestingsvalet

Desse har stemmerett under kommunestyre- og fylkestingsvalet

Norske statsborgarar som:

  • blir 18 år innan utgangen av valåret
  • ikkje har mista stemmeretten etter Grunnloven §53
  • vere, eller nokon gang ha vore, folkeregistrert som busett i Norge (dette gjeld ikkje tilsette i diplomatiet eller deira familiar)

I tillegg har følgjande personar stemmerett:

  • Statsborgarar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Norge seinast 30. juni i valåret.
  • øvrige utanlandske statsborgarar som fyller 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

Flyttar du til Volda etter 30. juni?

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteke hos folkeregisteret innan 30. juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flyttet frå. Då kan du enten førehåndsstemme i kva som helst kommune, eller avgje stemme på valdagen i kommunen der du er manntallsført.

Bur du i utlandet?

Informasjon til deg som er busett i utlandet finn du på valg.no

Valkort

Valkortet er ei stadfesting på at du har stemmerett. Det viser også kva slags valkrets du tilhøyrer. Du trenger ikkje valkortet for å stemme, men du må ha med legitimasjon.

I år er valkortet digitalt for dei fleste. 

Manntal

Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett. Du treng ikkje å registrere deg eller melde deg inn i manntalet - har du stemmerett, er du manntalsført. Du kan sjekke om du er innført i manntalet.

Rette feil i manntal

Er du ikkje innført i manntalet, eller du meiner det er andre feil? Send ei skriftleg og grunngjeven klage til

Valgstyret i Volda kommune
Stormyra 2
6100 Volda

eller på e-post: postmottak@volda.kommune.no 

Krav om retting gjeld feil, ikkje flytting etter 30. juni 2023.

Les meir om manntalet på valg.no