Å stemme på førehand ved faste vallokale
Du kan stemme på førehand ved dei ordinære vallokala i Volda kommune frå og med mandag 11. august til og med fredag 5. september 2025. Dersom du oppheld deg i ein annan kommune enn den du er registrert busett i, så kan du stemme der den kommunen har ope for mottak av førehandsstemmer. Adresser og opningstider for mottak av førehandsstemmer i alle landets kommunar finn du her.
I Volda kommune er det ope for mottak av førehandsstemmer på følgjande stader til desse opningstidene:
I tillegg vert det mottak av stemmegiving på førehand ved helse- og omsorgsinstitusjonane i Volda kommune i veke 35 og 36.
Stemme heime ("Ambulerande stemmegiving")
Dersom du på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan møte i fram i vallokalet på valdagen 18. september 2025, eller ikkje kan stemme på førehand, kan ta kontakt med kommunen om å få avgje førehandsstemme der du oppheld deg. Du må oppgje årsak til at du ønsker å nytte moglegheita til å stemme heime.
Dersom du ønsker å søke om ambulerande stemmegiving, så er det søknadsfrist torsdag 4. september kl. 12:00.
Legitmasjon
Ta med legitimasjon når du skal førehandsstemme. Dersom du møter opp i vallokalet utan legitimasjon og du er ukjend for stemmemottakar, vil du ikkje få anledning til å stemme. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde.
Førehandsstemming i sommar ("tidlegstemming")
Dersom du er forhindra frå å førehandsstemme i perioden som er nemnt ovenfor, - vil det vere mogleg å avgje førehandsstemme frå mandag 1. juli fram til og med fredag 8. august på servicekontoret i Volda. Opningtida er 09:00-15:00.
Å stemme frå utlandet
Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet kan stemme på førehand frå norske ambassader og andre utanriksstasjonar, eller hos andre oppnemnde stemmemottakarar frå 1. juli 2025. Siste dag for å førehandssstemme frå utlandet er 29. august. Du er sjølv ansvarleg for å stemme så tidleg at stemmen kjem fram til Volda kommune innan tysdag 9. september kl. 17.00.
Du kan lese meir om å stemme frå utlandet på dei nasjonale val-sidene.