Treng du å røyste heimanfrå?
Dersom du er sjuk eller ufør, og derfor ikkje kan røyste ved nokon av dei ordinære røystelokala, kjem vi gjerne heim til deg med urne, stempel, røystesetlar og det som må til for at du skal få røyste.
Treng du røyste heimanfrå
Valdirektoratet
Du må søke om å få stemme heime, men søknaden treng ikkje vere skriftleg. Det er tilstrekkeleg at du tek kontakt med kommunen og ber om å få stemme heime fordi du er sjuk eller ufør. Frist for å melde frå til oss er torsdag 4. september kl. 12.00. Gje oss i så fall gjerne beskjed ei tid på førehand.
Ta kontakt med valansvarleg Inger-Johanne Johnsen på epost inger.johanne.johnsen@volda.kommune.no tlf 95901061 for å avtale tid.
Publisert 22.07.2025 13:50
Sist endra 05.08.2025 10:52